Ramu fortel og vi passerer små landsbyer, gårder, forfalne kiosker og livet rundt. Snart kjem Agra tilsynet. Ein liten by på 2.5 mill. Ramu:
"Good houses, no monkey. Bad houses, monkeys. You see on your left? Bad houses."
Og plutselig dukker det opp små og store aper ut av vindu og oppe på bygningar. Dei spring på taka, på murer og følger nysgjerrig med. Ramu fortel om festningen vi passerer, påbegynt av Moghuler (16.generasjon ettefølger av Djengis Khan) og ferdigstilt av ein av mange kongar av Agra i gammal tid. Vi ser Taj Mahal i det fjerne og litt etter svinger Ramu inn på ein støvete veg og stopper ved Seven hills tower hotel.
Resepsjonisten reklamerer for den gode kinesiske restauranten, flott utsikt til Taj Mahal fra taket og for ikkje å snakke om at dei også har takbasseng. Vi går nøgd opp på rommet, mens vi diskuterer om vi har tid til ein dukkert. Om ein time kjem den lokale guiden for å hente oss. Vi innstallerer oss og 15 min før guiden er der stikk vi opp på taket for å sjekke utsikta og bassenget.
Fra taket skimter ein Taj Mahal i det fjerne. Og utsikta er ingenting å klage over. Bassenget er veldig fint. Forholdsvis reint. Flott område rundt. Mykje sol. Godt skjerma for andre naboer. Alt i alt heilt fantastisk bra. Ein liten hake er det. Ingen vatn... Vi må le. Kun i India reklamerer ein for basseng utan vatn. =)