09.mars:
New Delhi til Agra


Søvnen uteblei så trøtte, men spente går vi ut av flyet klokka 01.00 norsk tid/05.30 India tid. Sjåføren Ramu Kumar står klar og venter. Ein gosseleg type i kvit drakt og eit varmt smil. Han geleider oss inn i bilen. I rein refleks prøver vi å ta på oss eit bilbelte som ikkje finnast. Vår gode sjåfør ser i bakspeilet og seier: (Les med indisk aksent)

"Mam, in India. Three rules for driving. Good break, good horn and good luck." (Vi hadde heldigvis alle tre!)

Og som ein smidig tiger smett han mellom store lastebiler, kameler, tuk-tuker, hester, mopeder, hellige kyr, folk og røvere heile vegen fra flyplassen i New Delhi til vår første destinasjon, Agra.