09.mars:
Lekseprøve i
Taj Mahal

Ramu og vår lærer/eksaminator/
guide tar oss med til Taj Mahal,
et av verdens sju underverk. Der Ramu ikkje lenger kan køyre får vi velge mellom kamel, tuk-tuk eller golfbil. Vi, som nordmenn flest, velger beina og 600meter seinare er vi jammen framme.. Vår lærar/eksaminator/guide, fortel kjapt om dei fire portane som ligg der. Ein for dei kongelege og ein for folk flest. Ein som vi ikkje huskar og ein som alle tilslutt må gå igjennom. Gjennom den siste porten ser du faktisk Taj Mahal. Innimellom den kjappe strømmen av informasjon snur vår kjære guide seg mot oss. "Why, you wonder?" Vi lurer ikkje. Vi visste ikkje at det var noko å lure på.. Eit eeeh blir stotra fram. Guiden fortset: "I will now explain this intricate technique."
Etter fleire slike spørsmål er no hjerte i halsen og vi prøver flittig å følge med i historietimen. Plutseleg er det ein ny lekseprøve. Vår guide ler litt hånleg/oppgitt når vi nok ein gang ikkje forstår kva konge eller var det redskap han snakkar om. Litt irritert fortsett han: "As I explained to you earlier..."
På det noværande tidspunkt er det ikkje lenger mogeleg å nyte utsikta over Taj Mahal i fulle drag. Nervøsiteten over ikkje å klare prøven vært større og større og vi er usikre på om vi får nokon sinne sleppe ut om vi ikkje klarar å huske navnet på faren til kongen som satt i fengsel eller bygde Taj Mahal. Guiden ser på oss igjen. Kva har han spurt om no? Vi ser begge ut som spørsmålstegn. Læraren ristar på hovedet kun slik ein inder kan og seier "nonononono."
Men Taj Mahal ER nydeleg fint. Læraren forklarer for 20.gang nok ein intrikat frase vi sikkert burde ha skjønt, ser oppgitt på oss og fortel noko han tyddelegvis allereie har fortalt. Så stoppar han. Den evige strømmen tar slutt og det blir heilt stille. Vi har no snubla oss gjennom den store porten, gått gjennom den nydelege hagen, sett Taj Mahal frå utsida og innsida, stilt opp høflig når han seier vi må ta bilde og står no på baksida og ser over elva.
Det er no det skjer. Tenker vi. Den store prøven. Har vi fått med oss alt? Er det skriftelig eller muntlig? Ein og ein? Eller kan vi samarbeide? "My tour is finish. I hope you like. You are now free to enjoy. I`ll meet you back at ...... (sorry, folks. Husker fortsatt ikkje) in some minutes. Goodbye."
Så forsvinn han inn i folkemengda og vi står aleine igjen. Det som da skjer skal vi forklare seinare. Men først. Her er det vi husker fra historietimen..:

Det første du ser er ein nydeleg svær port som ligg på linje slik at du ser Taj Mahal gjennom porten. Heile Taj Mahal og området her er symmetrisk. Fra porten er det som ein illusjon som gjer slik at Taj Mahal verkar nærme. Det er den ikkje. Ein må gå gjennom ein ganske stor park før ein kjem fram. Taj Mahal er eit gravkammer som kongen bygde for si kone/dronning ut av kjærleik. Bak Taj Mahal ligg ei elv og på andre sida ein heilt symmetrisk park. Den heiter black Taj Mahal. Kongen ville bygge eit identisk gravkammer i svart marmor til seg sjølv, men sønnen tok han til fange og holdt han i fangenskap i 8 år, der han også døyde. Derfor er ikkje lenger Taj mahal HEILT symmetrisk på innsida. Dei bygde nemleg hans gravkammer ved sida av hans kone (hans kone ligg midt i). Kongen hadde to døtre og tre sønner. Det var den yngste sønnen som tok faren til fange etter moras død. Mens faren satt i fangenskap drepte han sine to eldre brødre slik at han sjølv kom til makta. På Taj Mahals venstre side ligg ein nydeleg og svær moske. Det er fordi han som bygde Taj Mahal og mange andre store byggverk i Agra er Moghul. Moghulane var muslimer. Men mange av dei var veldig interessert i hindu og derfor har nokre av bygningane element frå begge religionar. Store deler av nord Indias arkitektur er inspirert av både hindu og islam. På fredager er det kun etterkommare av dei som bygde Taj Mahal som får be der. Det er fortsatt dei som tar vare på bygningen og det er mange hemmeligheiter i korleis dette blir gjort. Guiden fortel både her og seinare om Moghulane. Dette er uutforska territorie for oss, men verkar som ei særs interessann del av historia. Vi husker mykje anna og, men det blir for den spesielt interesserte. Vi kan jo og slenge til at marmoren som er brukt til Taj Mahal er indisk og av mykje betre kvalitet enn den kjente italienske. Den er hardare og mindre porøs og den er gjennomsiktig, noko som gjer den eit spesielt lys.

Tilbake til dei to fortumla nordmennene som er blitt forlatt for å nyte attraksjonen. To sekundar etter at guiden er forsvunne er det nemleg dei/oss som er attraksjonen..... Så om du plutselig ser oss oppstilt på ymse indiske familiefoto er det derfor. Det går mest ut over Asso. Så da Geir tilslutt seier at no er det nok så veit dei råd.. "You, sir, in photo too? Yes?" Geir er ikkje vanskeleg å sjarmere og så er vi igang igjen... =) Vi får knapt gå i fred og har no stoor forståing for kor slitsamt det må være for kjendisar! På slutten av turen møter vi guiden igjen. Han vil også gjerne ta ein selfie med oss. Geir spør på spøk:
"Straight to facebook?
"Yes, sir," svarer han alvorleg.... =) Dette skal bli ein slager på store deler av turen gjennom India...