08.mars:
Avreise og kvinnemarsj

Etter å spent ha venta heile natta,
ringer klokka endelig klokka 05.30.
Vi ruller trøtte ut og snubler bortover i den tomme leiligheita.
Alt er klart for dei nye som skal “passe huset” mens vi er vekke. Berre husvasken igjen. Så er det på med sekk. Det er kvinnedagen, men det einaste toget vi skal nå i år er flytoget.

Jo nærmare flyplassen vi kjem jo meir kjem reisefeberen krypandes. Og plutselig er vi altså i gang. Fire månadar på tur! Heilt magisk. Første stopp er India, men ikkje heilt for vi må nett innom Istanbul og bytte fly. Kort tid etter set vi oss på flyet med kvar vår turkish delight i handa. =)

Istanbul er overraskande kald og veldig parfymert. Eit tjukt lag av stramme, søtlige eteriske oljer finn vegen opp nasebora der vi sitt smågroggi og drikk tyrkisk kaffi og ein usedvanlig god appelsinjuice. Forbi oss går kvinner og menn av alle tenkelige nasjonalitetar og religionar, og alle tar ein kjapp tur innom taxfree for å "låne" sminke og parfyme til morgonstellet. Vi let nattens sminke og lukter henge på mens vi entrer neste fly.

Destinasjon: New Delhi. INDIA! (Flyet er trangt og kaldt og vi sit som Sihk i tønne!)


Men då er vi altså på veg! Eventyr here we come!



PS! Det ligg ein liten
filmsnutt på filmknappen.