Livet på scooter

Det er ikkje vits å bruke peng på dyrt hotell her, for paradiset er gratis og rundt oss overalt. Men den beste måten å nyte paradis på ein scooter. Himmelen opnar seg medan vi går ned til scooterutleige og ein liten tropisk regnskyll kjem øve oss. Liten og liten... Ein blir fort søkkvåt, men tørker på null, niks. Og her er alle glade for regn då det ikkje finnast ferskvatn på øya.
Asso har ikkje lappen og Geir har kun såtte bakpå ein scooter for 15 år sidan så dette bør jo gå bra... =) Og det gjer det.. Geir må nett køyre bort til ei Palme og tilbake. Og sjølv om utleigaren ler der han og Asso står og ser Geir sjangle seg mellom veg og grøft så får vi leige. Men kun med midlertidig sertifikat. Det internasjonale serfikatet gjeld nemleg ikkje her, og Geir må derfor til oppkøyring hos politiet for å få eit ekte Cook Island sertifikat. HELDIGVIS er det laurdag og politistasjonen er stengt til mandag. Så då gjeld det å øve seg litt.. Vi tar ein runde rundt øya, det tar oss ca ein time og Geir treng kun å svinge til høgre... =)
Dei neste dagane køyrer vi rundt, leiter etter nye strender og plassar å snorkle (det er sånn sett overalt), går i fjellet, sitter på ein strandpub, nyt sola, blir fanga i regnet, et fiskemat og kosar oss. Vi stikk på eit tradisjonelt danseshow som visar korleis Rarotonga blei bebudd, ein kveld kor dei forklarer tradisjoner og kor dei kjem fra. Dei har mykje spanande historie og vitser med seg sjølv og då Europeerane kom. Vi har vel aldri møtt eit samfunn som fungerer så bra på TROSS av Europeisk innvadering. Dei var faktisk veldig takknemleg for at europearane kom fordi det var mykje intern kriging før. Og ja, dei var kannibaler!!! Men ikkje kven som helst blei eten. Du spiste kun dei sterkaste krigarane for å få deira kraft. Eit par ting synses dei er merkelege med "dei kvite". For det første tyder ordet for kvit på Rarotongisk "mann med fire lag kle" fordi dei meinte sjøfararane som kom hadde så mykje kle på seg i heten. Dei kvite kom og og sa at dei ikkje kunne gå med bar overkropp og bastaskjørt, men måtte kle seg anstendig. No om dagen er det heller øyboarane som må fortelle turistane til å kle seg anstendig... Eit par andre ting som har forandra seg er religionen. Du finn nemleg drøssevis med kyrkjer på Rarotonga. Og dei er flittig i bruk og lever side om side med dei gamle tradisjonane. Det dei synes er litt interessant var at dei kvite kom med kristendommen for fleire hundre år sidan, men no er det sjeldent ein ser kvite i kyrkja her.. Den siste tingen dei kvite introduserte, men seinare ombestemte seg på er maten. Øyboarane levde på frukt og fisk og det jorda gav, men dei kvite introduserte sukker og fett og meinte at kosten til øyboarane var for dårleg. No er det (desverre) mykje sukker og fett i øykostholdet og ikkje like mykje fisk og frukt, men når dei kvite kjem på ferie vil dei helst ha økologisk..

Vi går på marked, snorkler og blir fort kjent med gjengen på hostellet. Geir meiner han lett kan venne seg til denne tilværelsen og ser at dei har iallefall to skuler her..... Siste dagen før avreise til Aitutaki (ei naboøy) stikker vi bort til flyplassen for å bli jetblasta. Flystripa på øya er nemleg alt for liten og derfor må flya gå ned for landing allereie over havet. Og om du stiller deg der (det er nemleg også her vegen går) så kan du ved riktige tidspunkt få eit fly RETT øve issen.. Jetblasta..

Det er litt vemodig å reise frå denne fantastiske øya. Men vi skal vidare til øya dei verkeleg kallar paradis. Og det med rette!! (Til stor misunnelse frå dei andre på hostellet.) Vi tropper opp på flyplassen tidleg, fordi flya her går også på øytid. Er det fullt flyr det når det passar..