Det er overskya, men varmt og deilig. Klokka er 07.00 om
morgonen og vi er fortsatt i 25.04. Når klokka slår midnatt
i kveld og vi entrer 26.april har vi vore i 25.april i 43,5
timer. Så litt trøtte er vi når vi går ut på den lille
flyplassen på den fantastiske øya Rarotonga. Raro betyr sør
så navnet Rarotonga er altså Sør for Tonga. Det er og der
dei meiner dei kjem frå.
I ventehallen står ein gamal mann og spelar Ukulele og syng
gamle slagara som ein velkomst. Og vi føler oss verkeleg
heime her. Dette er livet! Sjølv om skyane er truande og
mørke. Vi kjem i stemning med ein gong!
Vi henter bagasjen vår og laffer ut, mens vi diskuterer
korleis vi kjem oss til hostelet vårt. Tar vi bussen som
heiter Clockwise eller bussen som heiter Anti-clockwise? For
jo, det finnast berre ein veg. Og den går i ring rundt øya..
Rett utanfor flyplassen roper ei svær personlegheit på oss.
Etterfølgande av ein trillande latter. Vi er lette å spotte,
ler ho. Tisha er eiger av hostelet vårt og ler like mykje
som ho snakkar. Og ho snakkar ein del!! =) Utan å gå mykje
inn på det så er det vanskeleg å ikkje legge merke til
størrelsen på øybuarane. For mangen er som øya.. Kulerund..
Men dei ser unormalt friske og sunne ut ellers. Det må være
den friske lufta og all kokosen, tenker vi og gleder oss!
Vi setter oss inn i "the green bullet" som ho kallar bilen
sin og ler. Og forklarar at fartsgrensene her på øya er maks
50 og derfor treng ein ikkje bilbelte.. Og visst nok ikkje
dørhandtak heller, legg vi merke til... Ca 10 min seinare
svingar ho inn ved hostellet. Ho råder oss til å leige
scooter med det samme. Så det gjer vi. Hostellet litt supert
til, rett ved stranda, som alt anna på øya.. Det er nemleg
krittkvit sand og blått hav og palmar rundt heile øya. Ved
hostellet kan vi plukke kokosnøtter, bananer, papaya og
guava rett fra trea. Vel, strengt tatt er det vel naboens
tre, og når Geir plutseleg forsvinn om morgonen, finn du han
som oftast der..
Det er også ein billion høner og haner som spretter rundt
mellom palmane her, og klarer du å fange ei er den din. Om
natta gauler dei kykkeliky og vi håper på kokosnøtter som
fell ned.. Det skjer ikkje, men hostellet blir bombadert
jevnleg og siste dagen rasar deler av taket ned. Ikkje så
nøye i følge Tisha.. =) Det er ein heilt ubeskriveleg
følelse å ha, at den einaste bekymringa er om det detter ei
kokosnøtt ned i hove ditt eller ei!! Her er forresten alt på
Islandtime. Dvs alt opnar og stenger når det passar. Men det
gjer ingenting for her skal ein ingenting. Berre nyte!
Tishas fetter stikk innom når han høyrer det er nordmenn
her. For det er visst ikkje så ofte. Han kan fortelle at han
har vaksne barn i Bergen og budde der på 80 tallet ein
gang..