Dette er ikkje del av bloggen, men for spesielt interesserte.. =)
Aborginarane har okkupert Kimberleys i over 40 000år. Europeisk utforsking av området starta truleg ved Hollenderen Abel Tasman i 1644 og engelskmannen William Dampier i 1688, men det var ikkje før 1837 at dei starta å gå innover i innlandet. I 1879 utforska Alexander Forrester regionen og starta å drive kveg over frå Queensland og New South Wales. William Forrester blei den første kvegstasjonsmesteren. I starten samarbeida han bra med dei lokale stammene Bunuba og Unggumi. Men utposten hans blei seinare omgjort til ein politistasjon og starten på resistansen frå Bunuba starta. Dei ville ha tilbake sitt land.
Jandamarra, ein ung Bunuba, verka å ha talent som kvegdriver (stockman). Som 14åring var han ein top hesteman, ein kjapp saueklipper og dødeleg med ei rifle. Tre år seinare hadde han ein samankomst med den lange arm. Men grunna hans talent blei straffa jobb istaden for fengsel. Seinare fekk han arbeid hos stasjonsmesteren og blei venn med ein kvit mann kaldt Richardson. Dei jobba i lag til dei gjekk konkurs. Richardson blei då med i politistyrken og Jandamarra jobba som hans sporfinner (dudugunbarra).
I oktober 1885 kollapsa samarbeidet mellom Bunuba og dei kvite. Dei kvite reagerte voldsomt på Bunubaer nær deira leirplass og skaut på dei. Dei ville ha gjennomslag for at alle aborginara var lovlause og derfor kunne være "open sesong" på. Altså jakte vildt. Dei skulda på Bunuba for at mange sauebønder ikkje klarte seg i det harde klimaet. Bunubarane på si side var sinte fordi kvite inntok deira heilage plassar.
Politiet økte intensiteten mot Bunuba. Richardson og Jandamarra var ein av dei beste til å spore opp Jandamarras eigne. Ein gang hadde dei klart å fange alle dei store ledarane i stammen. Inkludert Ellemarra, som var han som hadde tatt seg av Jandamarra før. Richardson visste han ville få godt betalt for fangane i Derby, men det ville ta mange dagar å komme dertil. Dei holdt aborginarane lenka saman i sju dagar. Om natta satt Jandamarra vakt og det var her Ellemarra klarte å overbevise han om å komme over til resistansen.
Samme kvelden som dei skulle inn til Derby, skaut Jandamarra sin gode venn og partner Richardson, mens han sov. Han befridde sine landsmenn og dei flukta til Windjana Gorge. Der leda Jandamarra eit bakholdsangrep på nokre nye kvegbønder som prøvde å komme inn i Bunuba området. Dei drepte to av kvegbøndene og tok vogna med rifler og ammunisjon.
Ei veke seinare kom ei svær og sterk gruppe politimenn frå Derby opp og det blei kamp. Jandamarra blei hardt såra og dei kvite trudde ei stund han var død. Hundrevis av aborginara blei slakta i dagane som kom.
For dei neste tre åra leika Jandamarra katt og mus med politiet, medan han prøvde å lede dei vekk frå hans folk. Han hadde så stor suksess at Bunubarane kalla han "magic man". Men politiet fanga fleire og fleire Bunubara og når siste stammen blei lagt i lenker, blei Jandamarra uforsiktig for å befri sitt folk. 1.april 1897 blei han skutt utanfor Tunnel Creek, der han hadde gøymt seg, av ein annan aborginerstifinner. Mongo Mick.