Neste stad på lista er Tunnel Creek. Ein underjordisk tunnel gjennom fjellet som blei brukt av aborginere til å bekjempe kvite. Her gjøymde dei seg og her frakta dei ting igjennom til andre sida. Tunnelen er ca 700m lang. Nokon plassar ekstrem trang, andre plassar ekstrem lav. Det er heilt mørkt her inne og ei elv renn igjennom. Nokon stader må ein vasse for å komme over. I dag lever det mest flaggermus, øgler, frosker, fisk, slanger og krokodiller her. Vi begir oss inn i mørket, men når tunnelen gjer ein skarp sving innser vi at den eine lille lykta vi har er ikkje sterk nok. Vi har ikkje sjans til å sjå om det er slanger eller krokodiller i vatnet vi må vasse gjennom og bestemmer oss for at det er nok spenning for i dag og kjem oss ut igjen. Plassen har ekstrem interessant historie om ein av dei mest kjente aborginarane under krigen. Jandamarra. Vi føler oss rastlause. Vi har eigentleg betalt for å sove her to netter (ein må betale for å sove i nasjonalparkar), men sola står fortsatt høgt og vi føler vi har utretta det vi kan her. Men timer er dyrbare når ein ikkje kan køyre etter solnedgang. Det er ingen andre stader opne på vegen som vi veit. Om vi hiver oss i bilen no når vi Mt Barnett. Den einaste bensinstasjonen på vegen. Vi har kun bensin til å komme oss der. Vi kan gamble og håpe på å få slå opp teltet på stasjonen? Vi har verken dagslys eller bensin til å komme tilbake hit om dei nekter. Det er rangers langs vegane som vil nekte oss å campe kor som helst. Skal, skal ikkje.. ... SKAL! Støvet står som eit raudt fjell bak oss. Vi er på veg!