Vegane strekk seg så langt du ser. Rett fram. Utan ein einaste sving. Eller kengeru... Ingen å sjå. Verken dyr eller bilar. I løpet av nokre timar ser vi eit og anna "vegtog", som det heiter her, ein trailer med fire -fem vogner bak seg. Einaste dyra vi ser spor av er enten daude langs vegen eller merkelege raudbrune klumper (termitthus eller fossil av dinosaurbæsj, kven veit) i ei ellers flat mark. Naturen forandrar seg sakte mens vi køyrer nordover. Vi synger og skråler, nyt sola og koser oss. Vi køyrer kun når sola er oppe. Av to grunner. Etter sola går ned er det flust av emu, kyr og kenguru på vegen og farleg å køyre dessutan stenger alle stader vi kan campe.
Fartsgrensa er super.. =) Så vi legger fort bak oss mange mil i sidespeila.
Vi svinser innom Onslow, ein søvnig liten by, strekker på beina, ser på båter og samler skjell. Det er varmt og fuktig og vi har glømt drikka i bilen. Vi går berre nokre kilometer langs den fine stranda, men vel tilbake i bilen sluker vi vatn som vi aldri har sett det før. Gradestokken nærmar seg 40 og ein aircondition i bilen er så fristande at vi fort er på veg vidare. Det blir mykje køyring for å dekke over dette store landet. Det mørkner før vi når Karratha som er vår destinasjon for dagen. Karratha er som ein etterlengta oase i ein eviglang ørken. Ein setter plutseleg veldig pris på bensinstasjoner og matbutikker i ein ellers øde vestkyst. Karratha verkar koseleg nok. Full av kyrkjer og breide veger og vekespendlere som jobber i mineindustrien.
Neste dag fyller vi opp med boksemat og stikk innom Dampier etter tips fra pappa Osland. Det er kun 20 min frå Karratha, men da vi allereie ikkje veit kva dag det er på denne reisa er alt stengt når vi kjem ned. Det er nemleg søndag. Vi får oss ein deilig matbit, prøver å komme ut til nokre øyer som skal være heilt fantastiske, men må tilslutt gje opp. Søndag er søndag. Vi bestemmer oss heller for å ta turen innom Burrup penninsula der det er ei heilt fantastisk og merkeleg strand laga kun av skjell.. Vi er ikkje dei einaste som søker vannhullet i heten. Ivrig etter å nå Port Hedland før solnedgang hopper vi i bilen. På vegen ser vi skilt til Cossack og kan ikkje motstå fristelsen på kva dette kan tilby. Det er ein gamal, og forlatt, liten by med nydeleg strand, ein kirkegard, gamle kolonialhus og vår første smakebit på sandete veger. Nydeleg fint. Vi køyrer på. Vegane strekk seg langt mot horisonten. Sola er begynt å gå ned før vi når Port Hedland. Vi køyrer rundt for å finne ein campingplass, men hellet er i mot oss og alt er stengt. Vi finn ei strand som vi tenker vi kan slå opp teltet på, rett ved byn. Vi bestemmer oss for nett å finne eit offentleg toalett å gjer oss klar på, noko som resulterer i at vi ikkje finn tilbake til stranda i bekmørket.. Tilslutt må vi overgje oss, trekke kreditkortet og sei det går på uante utgifter og sjekker inn på eit motell. Etter fire netter i eit klamt telt er det fantastisk deilig med seng, wifi og aircon. Og ikkje minst ein dusj utan frosker, mygg, geckoer og grasshopper. =)
Etter ei deilig natt er det tilbake i bilen. Målet for dagen er 80 mile beach. Den er ikkje lett å sjå. Ein raud, sandete veg som vi først køyrer forbi, viser seg å være einaste tilgang til denne 80 mile lange stranda. Vi køyrer 20 kilometer innover den støvete vegen og synes litt synd på motorsyklisten vi passerer.. Han er nok rimeleg raud han og når han ein gong kjem fram.. Vi suser på med "all-wheel-driven" vår. På enden av den tørre vegen kjem havet plutseleg til synet. For eit kjærkomme syn. Stranda er verkeleg nydeleg og vel vert ein tur. Den går så langt auge ser oppover og nedover. Men dette er ikkje heilt stranda vi såg for oss med surf og badeglade mennesker. Dette er stranda for fiskere i firhjulstrekkane sine som dei køyrer opp og ned stranda. Vi undrer oss kvifor dei ikkje har lagt North west coastal highway langs kysten.. Og spesielt langs denne eviglange stranda. Men etter å strekke på beina litt bestemmer vi oss for å hive oss rundt. Vi prøver å nå Broome. På vegen stopper vi ved ei kjent vegkro som heiter Sandfire Roadhouse for eit lite måltid. Her er og første gong vi ser aborginere langs vegen. Dei smiler til oss bleike der dei ser vi slit med varmen. Vegkroa er eit livleg stopp på den tomme vegen. Her slår ein av ein prat, snakkar om vegtilstandar og får litt i skrotten og i bilen. I tillegg bur det to påfugler som spankulerer mellom bensinpumpene.. Eit umake syn.. =)
Vi når Broome rett før solnedgang og parkerer bilen på Cable beach caravan park.