10.04: Exmouth til Coral Bay

Vi er endeleg i gang med biltur. Vi bestemmer oss for å ta ein liten omveg rundt halvøya til Turquoise Bay og Oyster Stacks for å snorkle. Det er mykje å sjå, men desverre også mykje brennmaneter på denne tida av året til å nyte det fullt ut. I tillegg har korallane nettopp spora... Så.. Sikta er så som så og du vil liksom ikkje ha det i munnen.. Nok om det. Nydeleg fint er det. Vi har blitt tipsa av nokre folk her at vi berre MÅ sjå Coral Bay, så det tenker vi å gjer. Sjølv om det også er ein liten omveg. Normalt kan ein køyre offroad frå Oyster stack og over, men for nokre veker tilbake herja det ein stor syklon som har øydelagt både vegar og hus her. På vegen tilbake køyrer vi forbi militærbasen som pappa Osland jobba på ein gong på 60-tallet. Den blei nedlagt i 1992, men vart tatt i bruk i fjor då air malaysia flyet styrta utanfor kysten her i håp om å finne den igjen. Den har nemleg verdas største VLF (Very Low Frequency) sender. Tårna som du ser på bilde, ser små ut, men er den nest høgste konstruksjonen på den sørlege halvkule med sine 387,6 meter. Den kvinnelege brakka på militærbasen er no blitt hotell og resten er tatt over av statspolitiet. Under syklonen blei ein svær båt reve i stykker og motoren kasta opp i lufta og satte seg fast midt på det eine tårnet. Motoren var fullstendig vraka rundt stolpen. Stoplen hadde ikkje ein skramme... =) Amerikanarane kan bygge, men ikkje telle.. Spør du kor mange tårn det er så seier dei 12. Det er 13. Men det betyr ulykke så tårn nr 1 heiter 0.. Nok om det. =)

Nokre timar seinare er vi i Coral Bay. Nydeleg fint. Flott strand. Men ellers liknar det mistenkeleg på eit familievennleg området rundt middelhavet.. Barn leiker utanfor hotellet, foreldre drikker innanfor hotellet, mykje cowboymusikk, neonlys og ikkje heilt oss.. Men vi nyt havutsikta, søv der ei natt og drar vidare tidleg neste dag.