14.mars:
Til Kathgodam og opp!

Etter ei tvilsom natt på eit hotell i Gaziabhad kjem vi ned på togstasjonen. Hanen har enda ikkje galt, det er mørkt, men heile stasjonen er full av folk. Nokon skal reise, nokon har komme, og nokon har funne seg ein plass å sove. Vi finn toget med hjelp av ein bekymra politivakt. Det er ikkje så mange andre europeere å sjå. Ikkje lenge etter vi har satt oss ned kjem servicen. NSB har mykje å lære her.. Mange timer seinere når toget Kathgodam. Sola står midt på himmelen, det er varmt og vi befinn oss i ein stor by, Kathgodam, i fjella i Himalaya. Ein taxi venter på oss og skal ta oss med fem kvarter opp og ned fjell og dalar, svingande på smale fjellveger gjennom små landsbyer, forbi store apeklaner langs vegen og gjennom skog og på kanten av stup. For kvar sving bilen snik seg langs fjellstupa tutar han for å ikkje overraskande møte motgåande traffikk. Det er det nemlig ikkje plass til. Desverre blir vi vitne til ein liten bil som bør være veldig takknemlig for dei kraftige trea som veks i kvar skråning. Bilen har tydelegvis ikkje klart svingen og befinn seg no på sida, klemt mellom klippa og ei Himalayafuru tre meter nedafor veien. Det er folk som hjelp og det ser ut som alle klarar seg, men bilen er nok vanskelig å få opp igjen. Med hjerte i halsen køyrer vi vidare. Heldigvis er det berre 15 minutter før vi er framme!
Vi stopper utanfor ein liten veikafe der vi får servert chai og nydelege samosa for ein slikk og ingenting. Ein eldre, liten mann med verdas største smil kjem gåande mot oss. Engelsken er liten, men han vil gjerne fortelle og smiler og ler. Han heiter Ramlall, er ca 65år og tar no tak i våre to sekker på tilsaman 40kg og legg dei i eit gamalt teppe som han surrer rundt og hiv på hovedet. Bratt opp går turen til fjells. I ein time går vi andpusten oppover, med små pauser undervegs. Geir og Asso med kvar sin lille dagsekk på tre kilo og Ramlall med 40 kilo. Han smiler og fortel det lille han kan og ca ein time seinare er vi framme ved hytta.
Hytta ligg fantastisk til med utsikt over fjell og landsbyer langt der nede. Den har epletre, aprikostre, valnøtt og kastansjetre i hagbæren. Plommer og pærer. Det er fortsatt vinter så ingenting bær frukter, men dei har nydelege kvite blomster på og nokre stader har blomstrane farga bakken kvit som snø. Ved hytta står Deepak klar og ønsker oss velkommen. Han kjem fra landsbyen like ved, men så lenge det er folk på hyttene er han alt mulig mannen. Sidan vi er dei einaste gjestane der er han VÅR alt mulig mann. Han lager deilig te av fersk ingefær og kardemomme, guider oss rundt i skog og fjell, fikser frukost og henter oss lunsj og middag og ikkje minst svarer på alle tusen spørsmål vi har.