13.mars:
Jaipur til Delhi, eller nesten iallefall

Etter ein enkel frukost reiser vi letta fra hotellet i Jaipur. Ramu antyder høflig at han tenker det samme som oss angåande hotellet. Noko som er litt deilig å vite. Da er det ikkje berre oss som er "fine på det". Så setter vi bilen mot Delhi. Det tar ein 5-6timer inkludert eit lite matstopp, kor vi et deilige samosa. Og masala Chai. Ramu fortel om eit brullaup han skal i snart og om indiske tradisjoner. Han fortel om barna sine, jenta på 6år som heiter noko som betyr å hjelpe og gutten som er 10 og heiter noko som betyr ingen grenser. Han ler når han fortel. Ein god fyr. Han forklarer og hjelper. Ordner og fikser. Og er alltid der og alltid parat. Før vi kjem til hotellet må vi innom sentrum og hente togbilletter. Neelam (som har ordna med togbiletter) er veldig hjelpsam. Vi står på venteliste på siste reisa tilbake til Delhi, men ellers er alt ok. Toget vårt går klokka 06.15 neste dag, så det blir ein tidleg kveld. Mørket nærmer seg når Ramu setter oss av for siste gang. Vi seier takk for no og går inn i noko som ser ut som eit veldig fint hotell i eit veldig dårlig nabolag. Så feil kan ein ta. Nabolaget verker som eit roleg strøk utanom trommene som starta seint på kvelden ein gong. Men hotellet er kanskje det absolutt eklaste hotellet til no. Det er hår og flekker overalt og vi bretter ut silkeposen vi har med heimefra og beveger oss minst mogleg ut fra den. Lange svarte hår i dusj på puter og dyner. Fingeravtrykk på vegger og overalt. Til og med eit fotspor på eine veggen. Det stinker i heile rommet og når vi legg oss legg vi hovedet inne i silkeposen for å sleppe å puste inn. Fjernkontrollen som ligg på golvet er godt brukt. Den har ikkje lenger verken tall eller bokstaver og skitten mellom knottane er like høg som knottane sjølv. Men vi er ikkje her for å sjå tv, så vi stikk ned til restauranten for å få oss ein siste matbit før toget i morgon. Sjefen her snakkar forfriskande bra engelsk. Det er ikkje alle som gjer. Han fortel og viser med maten, men da vi er litt usikre får han frie tøyler. Det som kjem ut fra kjøkkenet på dette ekstremt ekle hotellet er faktisk heit utrulig deilig! Og om vi aldri vil anbefale plassen til nokon kan vi med handa på hjerte sei at maten verka ordentlig og var rik på smak! Restaurantsjefen set og minst fem i sving for å verte oss opp på alle måter.