Siste stopp på sightseengen er kongens palass. Det er i dag delt i to. Jaipurs konge og familie lever i eine delen og den andre er museum. Farfaren til den nolevande kongen er han som blir kaldt "The last king of Jaipur". Det er fordi etter at India fekk sin sjølvstendigheit i 1947 avskaffa dei småkongane. Kongen av Jaipur er i dag meir av respekt for det som ein gong var. Dei lev av inntektane frå turistar frå dei forskjellege palassa dei fortsatt eig. Vår guide fortel og viser både kongedrakter, våpen og dyr. Han viser oss festivalkjolane til dronningane som gjorde at dei i Amer palass hadde eigne rullestolar då drakta veg 10 kg. Han viser oss og drakta til den eine kongen som døde allereie i 40årsalderen. 2 meter høg og 250kg bred. Drakta hans kan romme tre av oss, seier han, ler og tilføyer: We don`t call him king, but king kong.. =) Inne i palasset er det to svære mugger av sølv. Vår guide kan fortelle at desse er i guinness rekordbok som dei største i verda. I desse frakta kongen vatn fra Ganges til london, da han skulle på besøk der. Han var der i to månadar og ikkje ein gong drakk, bada eller spiste han noko som hadde london vatn i seg. Vi får sjå rommet dei tok i mot gjester og bilder av dei forskjellige opp igjennom tidene. Det verkar som det var mange eksentriske sorter... Der som heime.. The last king of Jaipur var ein vellikt mann. Spesielt sia han fekk India til gull under verdmesterskapet i hestepolo. Han spelte aktivt sjølv og døyde på hesteryggen i eit spel.
Så er guiden ferdig og vi strekker litt på beina ut i den rosa by. Dette er tydeleg ein turistmagnet og vi blir ropt på både her og der av diverse kjøpmenn. Vi finn fram til Vindpalasset, som var sommarpalasset grunna den gode kjølige arkitekturen. Her var det lett bris på varme sommardager og doble vegger med kjøling i mellom. I dag er det mest for å komme seg til toppen og ta flotte utsiktsbilder over Jaipur.
Før guiden forsvinner heilt spør vi om han veit kor dei sel den berømte Jaipur curd-lassien. Det veit han. Men etter tidligare magebesvær spør vi og om det finnas ein plass som norske magar tåler. Guiden ler og svarer ja, men vi ser tydelig at Ramu rister på hove... Vi tar allikevel sjansen. Guiden seier takk for no og Ramu kjøyrer oss til Lassiweld (?). (Det står om dei i lonley planet) Dei er desverre utsolgt. Ramu veit råd og går to skritt til høgre... Den er ikkje like kjent, men nok like god.. Vi bestiller tre Lassi som kjem to sekunder seinare i flotte keramikkrukker. Dei er heilt fantastisk gode!!!! (Og vi drikk ein del Lassi seinare og, men dette er absolutt den beste!!!!) Vi drikk, smatter, koser oss og etter eit par mmmmmm og very nice har lassien glidd ned. Når Ramu har tatt siste slurk hiver han den flotte keramikkrukka galant i søppelspannet. Vi ser forundra på og kikker oppi. Og riktig nok. Der er det fullt av knuste keramikkrukker.. Vi har tydeleg eit anna syn på eingangskoppar.. Men..When in Jaipur... =)