Jantar Mantar

Neste stopp er Jantar Mantar. Mannen som grunnla Jaipur, grunnla byen fordi den var ideell for astronomiske og astrologiske observasjonar. Her er det eit svært solur, måneur, stjernetegnsur og mykje anna gøy. Det største soluret her har ein impnerande presisjon på to sekund. Her ser du skuggen flytte seg. Og for matematikaren Geir er det litt som å være gutt i snopebutikken. Det er mange interessante måleinstrumentar og absolutt ein park vi kunne brukt lenger tid på. Men sjølv om denne guiden ikkje er streng på kva vi får med oss av informasjon er han desto strengare på tid. Det er mykje ein kunne fortalt om denne parken, men vanskelig da det mest er noko ein bør sjå sjølv. Asso likte veldig godt eit instrument som konstant fortel både stjernetegn og ascendenten vi er i til eit kvart tidspunkt i forhold til lengde og breidda og hellning til sola. Då denne store parken vart grunnlagt tiltrakk den seg sjøvsagt mange astronomer og astrologer. Derfor er Japur også kjent for å ha mange av sorten.