Ramu svinger inn i eit nokså fattig området i Jaipur. Der blir vi tatt i mot av "Fagin" og tre av hans hjelpere (referanse til Oliver Twist..). "Fagin" viser oss stolt rundt på det skitne rommet. Det er dueslag rett utanfor vinduet og hadde vi opna det kunne vi sikkert gjort som askepott og bedt dei skille maur fra skitt. Men det gjorde vi ikkje. Istadenfor tar vi på oss alle verdisaker og går ein tur rundt i nabolaget. Det er mykje fattigdom her også, sjølv om Jaipur er ein rikare by. I området vi bur, er det tydelegvis ikkje mange turistar, og igjen er vi attraksjonen.
Jaipur er kjent som den rosa byen. Dette fordi da kong Edward 7 av england kom på besøk så bestemte kongen av Jaipur at det ville være fint å male heile byen rosa. Og det er den den dag i dag. Jaipur er også kjent som gem-city da det er mange edelsteinslipare her. Dei har og fleire edelsteingruver her. Og er kjent for sine billige smykker av både gull, sølv, diamanter, semiedel og edelsteiner. Den er også kjent for å ha ein spesielt god lassi, Curd-lassi. (Ein indisk youghurtdrikk. Curd er ein slags rømme. Lassi er forresten laga av ku og bøffelmelk.)
Etter ein slags søvn (halvegs vaken av redsel for enten bli robba eller spist av noko/nokon) går vi ned til frukost. Da vi er dei einaste gjestane på hotellet er det ikkje frukost før vi kjem.. Mens "Fagin" sit på trappa og slenger ut beskjeder, spring gutane rundt og finn egg. Til deira forsvar, må vi sei at sjølv om vi synes heile oppleget er særs merkelig er dei super smilande og hyggelege. Etter frukost står Ramu klar utanfor hotellet saman med ein guide. Vi køyrer til Amer-palass og festning. Eit stort palass med eit menneskeskapt vatn utanfor. Det er elefantskyss opp til palasset, men køa er lang så vi skippar dette. Vi er langt frå dei einaste turistane her. Busslass med bleike, eldre turistar strømmer mot elefantane. Palasset er nydeleg fint. Igjen, ein særs informativ guide, men ikkje like streng. Her er det dansande kobraslanger og mykje interessann historie, men det får bli ein annan gang. Det er ikkje tvil om at dette er staden for utanlandske turistar. Og på veg ut fra palasset er det ein som roper: Want to buy VG?.......