11.mars: Apetempel

Heldigvis får vi oss ein pause frå den humpete melkeruta når Ramu stopper utanfor eit gamalt tempel som han vil vi skal sjå. Det er delvis forlatt og delvis i ruiner og fullstendig overtatt av aper. Derfor: Apetempelet. Rett utanfor kjøper vi mat til apar og ikkje langt etter vi var komme inn er vi omringa. Store og små hender grip fatt i Geir (som held posen med peanøtter) og vil så gjerne ha. Geir deler gladeleg ut. I delen av tempelet som fortsatt står blir vi henta av helligmenn som viser oss inn i trange ganger og krinkelkroker før vi kjem til apealteret. Der ber dei for oss, vi får armband og oransje strek i panna for hell. Og med hell i panna drar vi vidare til Jaipur.