17.01.09: Green Garden Spa, Bali


Så er vi komt til Green Garden Hotel på South Kuta beach. Fordi vi likte oss så utrulig godt på forrige plass, hadde vi bestemt oss for at vi ikkje likte staden... Men det tok ikkje lang tid før vi blei sjarmert av smila og greie ansatte. Romma såg ut som ei lita herskapsleilighet med skinn sarong og stor deilig seng. Blomster overalt sjølvsagt og VINDU inn til badet... Kor alt var gigantisk (badekar med plass til tre, vask med plass til to og do med plass til ein=) ) Vi fekk kjempegod kontakt med dei som jobba her og det endte opp med seine kvelder etter stengetid, testing av lokal brennevin (arak, fantastisk med iskrem), og ikkje minst viste Henry (han vi fekk mest kontakt med) oss rundt i byn etter jobb.

Green Garden Spa ligg mykje meir sentralt og det er lett å dra på utflukter. Vår første tur gjekk til Vulkanen Kintamani (som fortsatt er aktiv og hadde siste utbrudd i 1996). Det var ein to timers køyretur fra Kuta kor vi blei godt kjent med guiden/sjåføren vår Alex. Turen inkluderte også barong dans (tradisjonell dans fra Bali) og fordi vi ville så gjerne sjå et tempel så stakk vi innom et på veien.

Neste dag var vi EGENTLIG på vei til badeland (waterbom), men skjebnen ville det annleis og vi blei shanghaia av ein snakksalig luring og endte opp på et eksklusivt hotell, med privat strand, i Nusa Dua. Der blei vi intervjua av ein engelsk chap som ville ha oss til å kjøpe et medlemskap i noko som ligna mistenkelig på ein eksklusiv variant av timeshare... Så etter ein times intervju tok vi taxi tilbake uten medlemskap, MEN til gjengjeld klarte Geir å vinne ei vekes ferie på et av desse eksklusive hotella rundt omkring i verden som må brukast innan eit år. Asso, til gjengjeld, fekk berre ei lusen t-skjorte...