Kval i Bali / Sail awhale
14.01.09: Kval i Bal i


Is it a surfer, is it a boat? NO, IT IS A WHALE

Ein 12 meter lang dø kval kom plutselig rekandes inn mot land.. Jungeltelegrafen gjekk som ild i tørt grass og før lange stunda var godt (k)valfarta folk frå heile Bali for å sjå... Mange hadde aldri sett ein kval før. Vi vart sjølvsagt med då dette skjedde ikkje særleg langt frå hotellet. Om vi var blinde kunne vi følgt lukta.. Eller stanken.. Folk kom med sekker og spann og når vi hadde komme oss bort stod det ein folkemasse rundt kvalen og skar av store stykker spekk.
Nå skulle det kokkast såpe
og utvinnast olje...

Stanken var til å ta og føle på
og til slutt måtte vi gje tapt og gå tilbake.
Men heile dagen igjennom,
og til langt ut på kvelden
gjekk det folk forbi hotellet
på vei til kvalen...
Vi las i avisa neste dag at
dette var ein kval av den
sjeldne sorten,
men uten å spesifisere...