Så nærmar slutten på besøket seg. Desverre.
Vi var ein dag på St. Kilda å vassa litt,
låg på stranda og sola oss og kjøpte drage
som vi prøvde med ymse utfall. (Ingen av
utfalla inkluderer dragen oppe i lufta. Men
heldigvis vart heller ingen uskyldige
forbipasserande skada under flygninga.)
Vi var og ein del på leikeplassen der dei
har satt opp offentlege griller (som ein
finn øve alt her i melbourne), men
sjølvsagt var dette den plassen dei ikkje
fungerte optimalt. Så etter å ha KOKT
kenguru kjøtt på grillen lenge nok, gjekk
vi heim å stekte den.
Heime spelte vi fotball ute på
parkeringsplassen kor Noor lo meir enn sparka.
Og når vi kom inn igjen satte Nooremann og
okkel Gei seg i sofaen, med kvar sin gitar
(noor på ukulele) og spelte
"I wanna make it wit chu"
av Queens of the stone age.
Upassande for små troll? Kanskje,
men fengande? definitivt....
Og så kom dagen vi hadde grua oss til.
Noor og Invill skulle reise heim.
Det blei ein litt trist avskjed,
men det har vore kjempe kjekt å ha dåke
her!! Kom gjerne att!! Og dåke andre:
Kom gjerne på besøk! 'nakkast!