Lenger inn i parken opna det seg ei stor slette. Der fant vi mange store kenguruer. Nokon med “baby i magen”. Ein fot stakk ut her, eit hove der.. Ganske fasinerande eigentleg. Kenguruane her var ein del større enn Noor skal det seiast, men vi fortsatte å gje mat fra påsen. Tanta høyrte med ett ein merkelig lyd. Ho snudde seg rundt og stod brått ansikt mot ansikt med ein stor, svolten kengeru. Litt for nærgåande...
Vi bestemte oss for å gå litt vidare og møtte på veien ein søt liten litt sjenert wallaby. Noor stod med posen i handa og prøvde forsiktig å gje han litt mat. PLUTSELIG kom det ein snute over skulderen hans og ein labb sneik seg lynkjapt under armen til Noor og reiv matpåsen ut av handa hans. Med ryggen til prøvde han å ete heile påsen på ein gong. Men i kampens hete hadde han mista all maten på bakken, og vi stod forundra rundt han mens han bestemt åt opp heile den tomme papir posen (mest på trass tenker vi. For ikkje å miste anskt....)