27.09.09: Yulara

Yulara (som betyr ‘lyden Dingoer lager’) var vår overnattings- destinasjon. Campingplassen var rett utanfor ‘sentrum’, ikkje så langt frå den berømte Uluru. Trøtte kom vi til campen om kvelden etter ein lang dag med trakking og masse ville dyr (sjå neste side). Mest fasinerande var ørnene som ikkje brydde seg særleg om at vi kom ganske nære på. Det er nok fordi dei er ganske sterke og svære (gjennomsnitt er 2,5 meter vingespenn) og ser kanskje ikkje på oss som ein trussel.
Dingoane, som sprang i skjul av sivet, er og verdt å nevne.

Etter at Geir og ein morsom hollender (nesten flygande) hadde stått øve grytene (les: grillen) var vi gode og mette og klar for ein stjerneklar natt ute blant dingoane. Vi drog ut swagen (bush-sovepose) og la oss rundt bålet. Det var ein kald natt, men stjernehimmelen var fantastisk og det er deilig å vakne ute etter ein 'god' natt søvn.