Tilbake i Melbourne slappa vi av og naut dei siste dagane.
Vi var på burlesque show og Salvador Dali utstilling, vi rusla rundt i Melbourne og vi besøkte Captain Cooks cottage. Det er eigentleg hans foreldres hus som er blitt frakta frå england. Der lærte vi kor uttrykket ‘Sleep tight’ kjem frå. I riktig gamle dager, låg madrassene på tau som måtte strammast godt for ei god natts søvn..
Ein dag mammaTorunn og Geir var ute på tur, møtte dei ei død due. Ikkje heilt død. Ho spelte død i håp om at ei skjære som dreiv å tøffa seg ville la ho være i fred. Og bortsett frå eit lite blink her og der og litt hove bevegelser klarte ho bragda bra...
Ein kan vel ikkje ha vore i Melbourne utan å besøke badehyttene langs Brighton beach. Så vi tok toget ned og gjekk langs kysten opp til St. Kilda.
Der, på Kjetils anbefalling, gjekk vi inn i ein fiske reastaurant som serverer fersk fisk, som du kan plukke ut sjølv i fiske disken. Vi valgte ein lokal ‘flathead’. Heilgrilla og heilt fantastisk god!!
Eit mettandes måltid og alldeles fantastisk avsluttning på tre flotte veker med Torunn. Det var trist å sei hadet på flyplassen, men ein månad seinare mottok vi ein kjempenyheit og no gledar vi oss til ho kjem att i januar.