02.07.09: Sydney

Turen inn til Sydney gjekk fint.
Vi fekk ein guide tur av sjåføren. DVS alle plasser kor det var bra eller dårlig surf, kor ein surfa før, gode surfe butikkar og andre surfe relaterte informasjon som ein kan forvente av ein gamal surfe rev.

Hotellet vi budde på låg på toppen av Kings Cross. Ein hyggelig del av byen. Mest kjent for det turbulente nattesliv. Resten av Sydney var det ikkje alt for mykje å skryte av. Folka som bur her verka stressa og nedstemte i forhald til andre plassar vi har vore. Sydney er no ein storby lik andre storbyer og utan den heilt store personlegheiten som vi er van med frå Melbourne. Business, business

Vi hadde mykje vi ville sjå, men lita tid. Så vi hoppa på ein open busstur som tok oss dei fleste plassar. Operahuset, havna, gamle byn og brua, som vist nok er verdas største. Ein liten side anekdote er at dagen etter på vei til sentrum kom bussen forbi att. Vi var ikkje tenkt å være med og ikkje stod vi på eit buss stopp heller. Men sjåføren kjente oss att og stoppa bussen for å spørre om vi ville være med til Bondi beach. Vi hadde ikkje noko på tapeten så vi hoppa likså godt på att...
Sjølv om det var forhaldsvis varmt i sola var vinden i Sydney kaldare enn norsk nordavind i januar.