19.09.09: Phillip Island



Lørdag tok vi igjen turen til Phillip Island. Men denne gong med mål om å få sjå verdens minste pingviner.
Glade til sinns reiste vi ned med asiatere, tyskere, polakker og andre blitzere...

På Hawaii blir ein ofte tatt i mot med ein lei (blomsterkrans) rundt halsen. På Phillip Island får ein og krans rundt halsen. Ein krans av SLANGER!!! Iallefall ein. Victorian carpet python. Litt rart å ha rundt seg, men den virka veldig snill. Så lenge ein holdt seg vekk frå hove og klappa riktig vei på skinnet...
Tilbake på Hawaii er vi ganske sikker på at ein får ein fantastisk drink i handa når ein kjem. Her fekk vi ein koala-bæsj opp i nasa. Pussig nok lukter den av eukalyptus. (Trur bilde av mannen nederst i hjørne forklarer litt kva vi alle tenkte.) Ellers mata vi kengeruer og wallabies og såg wombats og andre australske klassikere.

Neste stopp var ein stor gård, som og var litt som eit gammalt museum. Det var veldig fint der og vi fekk sjå ein saue hund som samla kalkuner....(Han samla ikkje PÅ kalkuner, men samla dei inn i innhengingen)

Siste stopp på færda var den berømte pingvin paraden.
Det er mellom 100 og 400 pingviner som kjem
opp av havet ved solnedgang for å ta kvelden
i sine små pingvinhuler etter ein hard dag
på jobb/havet. Vi har desverre ikkje lov
å filme eller ta bilde då dei visst nok har
blitzfobi og er i det heile ekstremt nervøse.
Om ein pingvin ikkje klarer å holde nebbet
beint når måsen kjem så brer paranoia seg
som ild i tørt gras og før du har blunka er
alle vuggane, så fort dei kan, på veg
tilbake i bøljan blå.

Men dei er veldig søte og morsomme å sjå på.