Mooloolaba. En vakker liten badeby som vi fekk oppleve som takk for alle donasjoner til jul.. Så tusen takk for ein flott julepresang folkens!!!! Hostellet var absolutt ikkje rett på stranda som nettsida lova, men dei hadde eit lite basseng og stranda var gode 500 meter vekke. Bølgene i Mooloolaba var deserre for korte og lave for surfing som vi først hadde tenkt oss, og alt for sterke og tette til ein rolig svømmetur, men det var gøy å bade og supert for bodysurfing.
Dagen etter ankomst og strandtur, var været litt grått sjølv om gradestokken aldri gjekk under 35 grader hverken dag eller natt (så lite søvn). Ein perfekt dag til å besøke sjølvaste Steve Irwin sin lille hageflekk også kjent som Australia Zoo. Det var veldig stort og kjempeflott laga til og vi såg eit van(n)vittig tiger show, øgler gjekk fritt rundt om kring (så du måtte virkelig sjå deg for der du gjekk) og gigantiske langsomme skildpadder og krokodiller i tusentalls, men nok best av alt så fekk vi kose med ein koala og Asso fekk til og med ein uventa suss fra den. (Familie foto nokre sider seinere..) Eit par dager seinere såg vi båten til Mr Irwin med telefon nummeret til Australia Zoo. Og ka var nr spør du? 1300-CRIKEY...
Så var det igjen eit par dager med strand og bading (vi passa alltid på å ha ei rad med folk foran oss, ei såkalla bufferzone foran oss fordi det har vore ein del haiangrep på nyhetene i det siste..), før vi hoppa på turen til verdens største øy av sand, Fraser Island. Det sies at den har mer sand enn Sahara, men uten bevis var både vi og guiden noe skeptiske. Det var vanvittige strender der og flotte bølger, men ingen badere eller surfere. Koffor? Vel, det er 20% meir hai der enn i resten av australia... Og det er masse hai i Australia... Motorveien på øya er stranda. Fartsgrensa ca 100km i timen. Og skilt overalt som seier at sjølv om det ser ut som ei strand, er laga som ei strand, ER ei strand, gjelder normale vei og køyre regler...
Midt på øya er regnskogen som har trær som kun finnes der og nokon som er fleire tusen år gamle. Og midt i regnskogen opner landskapet seg att og flotte ferskvatn kjem til synet. Ikkje rart at aborginerane i området kaller det paradis. Det er kun 150 fastbuande og ingen barn der. Dei har og den reinaste rasen av dingoer i verden (hunder har nemlig ingen adgang), desverre som ulven heime er ikkje dingoen vel likt og sjølv om ingen snakker høgt om det er det ein uoffesiell/ulovlig liten kampanje om å sulte dei ut. Det kunne ein sjå. Etter å ha sett flotte ville dingoer springe over ørkenen i indre Australia var det heilt forferdelig å sjå dei ville dingoane her gå øve stranda i håp om å finne eit eller anna bli vaska opp på stranda som dei kan ete. Ribbe bein stakk ut her og der og dei bevega seg sakte. Vanvittig sterkt og ekkelt å sjå!!!
Ellers var det barbeque og bading ved nydelige lake McKenzie. Skal vi ha hytte her nede ein gong er Fraser Island oppe på topp 5 lista. Tilbake i Mooloolaba hadde vi oss ein dag med dykking på skipet HMAS Brisbane...