04.07.09: Kina, eller Sydney?


Midt i Sydney ligg det ei havn. Og midt i havna ein park.
Og i parken ein gut, og ei jente som båe er slitne av by’dn.

Kvifor ikkje slappe av i parken seier du? Jauvisst, jauvisst...
- Kina. Ein park i Sydney.
For 10 dollar (ca 50 NOK) fekk me på oss parkkostymen og vandra rundt i ein stor kinesisk hage med andre
i same drakt. (ikkje samedrakt, men ei drakt som er eins med den vi hadde...) Pussig nok ikkje ein kinesar i sikte
i heile parken, som er pussig på mange områder;
1: det er ein kinesisk park, 2: dei er ellers å sjå øve alt...

Etterpå tok vi turen innom sjøfarts museet, mest for å få varmen i oss, men det endte opp med å være ganske interresant. Mykje historie om den fyrste kvite busettelsen,
og korleis forhaldet var mellom aborginarane og dei kvite,
i byrjinga, før den rikare
klassen kom nedover å
øydela venskapet...

Der var det og mykje om
den aborginske historia
før dei kvite kom og også
om korleis dei første
europeerane klarte seg
i den barske naturen dei
ikkje var van med.

På vei heim til Melbourne,
stoppa bussen ved ei
veikro, kor vi fekk
late vatnet og ta ein
matbit. Trur dei kalte
krysset for Canberra,
Australias hovedstad........