24.06.09: Great Barrier Reef


Dei to neste dagane budde vi på ein større båt på Great Barrier Reef. Et av verdens sju underverk. Geir tok sitt advance dykkerkurs, mens Asso dykka berre på moro.

Great Barrier Reef er kjent for sitt store koralrev og eit vidt spekter av fiskeliv. Alt fra ein liten, søt Nemo (klovnefisk) til den store queensland grouper som var større enn dei største haiane vi såg. Der var og stingrays og sjøpinnsvin/pølse (som vi fekk ‘klappe’). Det farligaste dyret her var då faktisk eit pittelite skjell.. Veldig fint og fargerikt, men har ein liten giftig harpun som den lett kan skyte gjennom ei tjukk våtdrakt med... Vi såg og giant clams og andre rarieteter som foreksempel Yngve Aabø. Eller iallefall ein klon... Han jobba som matros og kiosk administrator. Vi kan kanskje til og med kalle han daglig leder... av kiosken.

Eit av dykka ein må gjennom for å få advance er natt dykk. Det er og den tida på døgne kor haiane er ute på rangl. Båten vår lyste opp under som ein navigasjon for dykkere. Ein bieffekt er at dette tiltrekker små fisk som igjen tiltrekk større fisk som atter ein gong tiltrekk Haier!!! Konturen av ca 10 haier sirkulerte området der dykkerane skulle hoppe uti. Etter ei stund under vatn vart Geir tom for luft og blei sendt opp heilt aleine til overflate.
Med lommelykt som forsvar svømde han opp gjennom haiane. Og det var med høg hjerte rytme at han kom seg ombord i båten att. Men ikkje utan ny lærdom. Når ein (i dette tilfelle Geir) lyser på haier under vatn, blir augene skarp grøn!!!!!!!

Etter at alle var komme seg vel opp av havet. Tok mannskapet ei bøtte med fiske slo og dingla det bak båten. Havet begynte å koke og ny lærdom kom.. Haiar kan hoppe.... Ein landa nesten oppi båten. Men mitt i ‘hai stimen’ Stod det ein svær queensland grouper. Heilt stille og uanfekta av alt ståhAiet... =)


På heimturen satt vi ovanfor eit litt eldre ektepar. Han satt og sov, mens ho var oppslukt i ei spanande bok; ‘How to murder your husband’. Ho var nesten ferdig då vi forlot båten tilbake i Cairns....