28.09.09: Uluru, Fooluru
og Kata Tjuta


Tidlig om morningen neste dag braut vi leir og kom oss i bussen. Vi skulle til Uluru for å sjå soloppgangen.

Vi har litt delte meininger om den. Sola kom liksom opp, ikkje bak Uluru, men bak oss som såg på Uluru...
Trur kanskje solnedgongen hadde vore vel så vakker om ikkje finare.
Der stod vi iallefall som ein flokk sauer blant tusenvis av andre sauer (les: turister, ikkje ordentlige sauer.. vel..) Etter å huttra og frøse eit kvarters tid køyrde vi litt nærare Uluru og gjekk så runden rundt steinen (ca 7 km).
Steinen er ganske majestetisk der den skyter rett opp av jorda. Og vi kan godt forstå kvifor denne steinen regnes som hellig blant aboriginerane. Ein har desverre fortsatt lov til å klatre på den (mot aboriginaranes vilje), men heldigvis var det for mykje vind då vi var der, så dei som ville kunne ikkje... Sia 1985 har 35 personer/turister dødd i forsøk på å bestige den.

Mange av plassane rundt Uluru er ekstra hellige og ein har ikkje lov å ta bilder. Så i respekt av aboriginerane har vi ikkje med bilder av heile steinen... Det du ser i midten er IKKJE Uluru, men Fooluru.. (også kaldt tannbørsten og Mt Connor). Tilslutt gjekk turen vidare til ‘The Olgas’, Kata Tjuta. I våras meining var dette verkeleg den finaste plassen av dei tre fjella vi var på, sjølv om alle har sine særpreg.

Vel tilbake i Alice Springs fekk vi dusja av oss all den raude sanden (og det var ganske mykje..). Sålene på skona våre var fremdeles raude etter ein tur i vaskemaskina...
Siste dag rusla vi berre rundt i byn og var innom eit Reptil senter der vi klappa ei øgle og såg eit grusomt bilde av ein phillipinsk python slange som hadde slukt eit heilt menneske. Dei hadde fanga den, kutta opp magen hans og der velta det ut ein INTAKT død tysk turist... Ganske ekkelt, men litt fasinerande...

Alice Springs sentrum er ganske lite. Det er veldig trist å gå i gatene der å sjå gamle alkoholiserte aboriginere tigge deg om å kjøpe bilder av dei. Det er grusomt å sjå i eit slikt vesterlig land, men minner vel mykje om Grønnlendere i Danmark.