Deakin University


Eg, Asso, har i den siste tida vore travel med dei siste prosjekta på universitetet. Og sjølv om Torunn var
på besøk var det mykje som skulle gjerast før siste skuledag 5.oktober.

I tillegg til å ha kontinuitet og AD (regi assistent?) i hovedprosjektet vårt, var eg og lyd designer. Noko som gjekk hardt ut over veggen i leiligheita.
I filmen blir ein kopp knust og for å få den riktige lyden gjekk eg til innkjøp av tre forskjellige kopper som eg ‘forsiktig’ knuste med ein hammer for så å samle dei att og kaste dei hardt og brutalt i veggen bak kjøkkendøra. Lyden blei bra, og etter å tatt ut dei delane av koppen som fortsatt stod i veggen såg ikkje den heller så værst ut. Iallefall ikkje så lenge ein har kjøkken døra open....

I tillegg trengte vi ein litt 'macho' bil lyd i filmen. Kjenner ikkje så mange med bil her nede (noko som igrunn er pussig sidan det virker som alle har to kvar..), men naboen vår har parkeringsplass rett utanfor kjøkkenvinduet vårt og har ein VELDIG bråkete 'macho' bil. Han kjem alltid heim seint om kvelden. Så vi rigga like godt opp mikrofon i kjøkken vindauget og satte oss til å vente. Etter eit par bom opptak og nokre timar kom han endelig. Men sjølvsagt var kona med denne gongen så istaden for lyden av ei bildør (som var det vi ville ha), var det no to... Så vi lot mikrofonen likegodt henge i vinduet resten av kvelden og etter å miksa tre biler samman, var vi nøgd med ''macho' bilen vår...




I eit anna fag skulle vi lage ein eigen eksperiemntell film. Eg hadde sjølvsagt ein kjempe plan, men fekk ein lang mail frå læraren min om kvifor dette rett og slett var umogleg (eg ville gjerne lage ein video installasjon med 4 skjermer kvar publikum var interaktive). Så den blei lagt på hylla for denne gong, men er langt frå gløymd. Istadenfor laga eg ein kor ein høyrer ei jente gråte sårt mens ein ser ein teblomst utfolde seg. Veldig eksperimentellt... =) Men den gjorde visst susen..