Spot X
Spot X er ei bortgjøymd lita perle
(iallefall om vinteren då det ikkje er
særlig mange turist surfere her).
Kveldane var iskalde, men vi varma oss med
bål kvar kveld, kortspel og øl. Nettene er vanvittig svart og mørke, men allikavel lyser stjernene om kapp som på ein klokkeklar vintersdag i Noreg.
Om dagane var vi tidleg oppe for å ha ein to timers surfe leksjon. Så eit par timers pause, også på han igjen med to timer. Etter fire timer med surfing (les: padling) var vi alle ekstremt slitne. Surfing er langt frå noko avslappa sport... Men vanvittig kjekt. Etter eit par leksjoner klarte vi å stå på brettet (langt frå kvar gong, men bedre enn ingen).
I ein av leksjonane fekk vi litt ‘gode råd’ frå lokale før vi hoppa i sjøen. Blant anna: Om du ser ein finne, ikkje vær redd. Det er ikkje hai, men MEST sannsynleg ein delfin. Og godt var det. For same dag oppdaga plutselig Geir ein større leike kamerat ved sida av han. Og sjølv om hjarte nok gjorde eit hopp når han såg finnen, så roa han seg fort når han huska kva som var blitt sagt.
Her kallar dei forresten delfiner for ‘the gangsters’ fordi dei alltid kjem i flokk (som ein mafia familie). Det er alltid positivt å sjå ein gjeng med gangstere fordi dei 99% av gongane jagar vekk eventuell hai o.l.
Spot X ligg rett ved ein nasjonal park og dyrelivet her er ekstremt nærgåande som du såg på forrige side. Possumer som kvar kveld, når vi satt rundt bålet, kom ned og gjekk igjennom boss spannet utan å bry seg mykje om oss. Og rett etter frukost ville kokkaburraen (den kvit/gule fuglen) komme å sjekke om vi hadde rydda godt nok av borda. Om ikkje fiksa dei resten. Dei papegøyeliknande fuglane på første side er kjempe fine og heiter rainbow lorikeet. Dei ser vi og i Melbourne, men aldri så nærme som her.
Andre bebuara på Spot X var dei som nok eingong for lenge sidan pleide å dra her å surfe på ferie, men etter at pensjonist tilværelsen kom har dei flytta inn i campingvognene på heiltid og har alltid ein motiverande kommentar når du kjem sliten att frå surfe turen, eller ein god surfe rapport tidleg om morgonene. Dei var og særs behjelpelig når dei kom surfane lettvint forbi deg, mens du streva med å fange ei ‘grøn bølgje’.
Crescent Head
Etter nokre dagar ved Spot X gjekk turen til Crescent Head.
Der var det kun oss fire som reiste i lag og instruktørane. Og Grommie. Grommie er ein liten, snill, leikande og ikkje minst EKSTREMT muskuløs hund. Om vi berre så mykje som glinsa bort på surfe bretta var han klar til å være med. Og surfe kan han... som du ser her på bilde saman med eigaren sin, som og er den som starta denne surfe organisasjonen. Ein kjempehyggelig kar som snart skulle bli pappa. Kona laga maten til oss kvar dag og den var fantastisk god.
Den fyrste dagen vi var der var vi så støle i kroppen. Så istaden for å hoppe rett i surfinga fekk vi ein lengre spaser tur opp på ei klippe, med utsikt over havet i håp om å sjå kval. Men ingen dukka opp. Så ned igjen gjennom ein liten regnskog.
Om morningen når vi skulle pakke sakene og reise vidare til Sydney vekte sjefen oss klokka 05.00 og lurte på om vi ikkje hadde lyst å starte dagen med et par timers surfing
før frukost og avreise. Det ville vi jo...
Så var det opp og hopp.
Det var den deiligste og friskaste
surfeturen til dags dato...
Alle bildene på denne sida er frå
Crescent head, mens alle bildene
frå forrige side var frå spot x.