26 -27.09.09: Alice Springs


Frå Melbourne gjekk flyet over eit uendelig raudt ørkenlandskap til Alice Springs. Alice Springs ligg i hjarte av Australia, også kaldt red center (raudt senter). Det er ein liten by på ca 30 000 innbyggara, men er den nest største byen i Northen Territory. Vi budde på ein fin liten plass som heitte Annies Place, med svømmebasseng og utekino. Vi hadde bestilt eit tremannsrom med ensuite (bad), men etter å ha lett under madrasser og laken måtte vi til slutt innsjå at det næraste vi hadde ein do på rommet var vasken. Av hensyn til kvarandre brukte vi heller doen i gongen.

I motsetning til Sydney var kenguru kjøtt lett å finne på meny kartet i Alice Springs (og når ein ser alle kenguruane som ligg påkjørt i veikanten er det nok ikkje så rart..). Vi endte opp på Bojangles, ein kjent saloon (ja, det er ein saloon) her nede som serverte ein australsk tallerken; det var stekt kenguru, bøffel, camel på spyd, emu-pølse og krokodille frikadeller/kjøttkake (krokodeller..) servert med ein lokal ur-innvånarsaus av plommer.. (Asso åt fish and chips og var VELDIG nøgd med det...)

Neste dag stod vi opp rett etter vi hadde lagt oss. Vi skulle på to dagers utflukt og første mål var Kings Canyon. Men før vi kom dertil stoppa vi i Erldunda, som er Australias midterste punkt. Det er ein bensinstasjon/veikro som også redder skada ville dyr. Vi fekk der sjå Emu barn for første gong.

Kings Canyon starter med ein 20 minutters bratt gange opp ei slags stein trapp for så å rusle rundt oppe på taket av fjellet. Vi blei fortalt forskjellen på Canyon og Gorge og har lært at Kings Canyon i Australia er ein ordentleg Canyon, og at USA’s stolthet Grand Canyon eigentleg burde hett Grand Gorge...

Kings Canyon, Uluru og Kata Tjuta er alle eigentleg kvite sandstein. Den raude sanden kjem frå vest Australia og har gjennom tusenvis av år og vindkast fargelagt alt her. Den raude sanden er nesten rust. Den består nemleg av mykje jern.