Frå Cairns tok vi turen vidare til Byron Bay via Brisbane. Det byrja regne når vi kom til Brisbane så vi hoppa liksågodt rett vidare på buss til Byron Bay. Der skinte sola... Byron Bay er ein gamal hippi by. Veldig koseleg og fin. Fine gåturere i området og bra nattesliv.
No vinterstider er det ikkje så mykje unge turister her. Men ein del eldre og sjølvsagt dei lokale. Tempraturen er behagelig og byen er veldig avslappande og deilig. Gode restauranter og mange interresante butikker og skikkelser...
Her er det mykje alternativ og vi, foreksempel, fekk tatt bilde av auraen vår. Dei var veldig fargerike og positive. Geir har ein overjordisk skytsengel som vaker øve han, mens Asso hadde ein jordisk engel. Det var no positivt og kjekt å få høyre.
Det er veldig fint her og flotte strender og det var og her vårt surfe eventyr skulle begynne. Tidlig tidlig skulle vi avstad. Vi møtte våre reise kamerater ein tysk gutt, Jannick og ei canadisk jente, Ashley ved surfe van’n vår. Første stoppe sted på surfe turen var ein plass dei kalla spot X som ligg på stranda Arrawarra i byen Woolgoolga.