Seint om kvelden set vi oss på bussen til Uyuni. Det skal ta
11 timar. 2 timar på asfalt, 9 timar like mykje i tak som på
setet. Vanskeleg å sove. Veg er ikkje ei prioritering her i
Bolivia. Eit par plassar når månen skin nok til at ein kan
sjå ut er det ikkje ein gong vegar. Berre sand.. Stein..
Øde..
Tidleg neste morgon er vi framme i Uyuni. Det lignar
ein forblåst cowboyby og ein ventar på at det kortid som
helst skal komme ein vindball rullande over vegen. Vi velger
oss kjapt eit byrå (dei reklamerer med edru sjåfør til og
med..) som lovar oss maks seks stykker i bilen og to av dei
snakkar engelsk og. Men bilen forlet ikkje før om ein time.
Vi får i oss litt frukost og rister av oss søvnen vi ikkje
fekk i natta. Vi er spente på turen vi skal gjennom. Tre
dagar med ørken og salt. Tilbake hos byrået er det sjølvsagt
noko omrokeringar og vi ender opp sju stykker i ein liten
bil med tre brasilianare, to colombianare og ein bolivianer.
Ingen snakkar engelsk... Vi set oss i bilen og den suser av
garde. Vi prøver å henge med i samtalen, men enkelt er det
ikkje. Stotrande på spanglish får vi iallefall presentert
oss og småprata litt om turen.
Første stopp er ein toggravplass.. På eit stort området står
det gamle, rustne tog spredd. Det ser ut som noko frå ein
musikkvideo. Ganske stileg faktisk. Vi klatrar litt her og
der før Roger (sjåføren) roper oss tilbake i bilen. Vi må
vidare. Neste stopp er i starten av saltsjøen. Saltfjella.
Ikkje så store som dei i Port Hedland, men vi forstår på
Roger at Bolivia har mykje potensiale når det gjeld
forskjellige mineralar. Foreksempel under saltsjøen er det
nok litium til å forsyne verden med batteri i hundre år..
Saltet gjer og at toga ruster fortare og er nok grunnen til
gravplassen.. Det er eit barskn og stilig natur vi køyrer
gjennom. Vi ser og spor etter at dei har hatt Dakarløpet her
for ikkje lenge sida (ørkenbilløp).
Neste stopp er og der vi et lunsj. Eit hotel "laga av salt".
Dvs stolar og bord og golv er alt av salt og det ligg som
ein liten oase i det ellers heilt flate miljøet.
Litt ut på dagen ankjem vi eit merkeleg fenomen. Midt i
sjøen av salt er det ei øy. Øya er ikkje stor, men den er
dekka av høge kaktuser, opp til 10 meter, som ein ikkje finn
nokon annan plass her.. Eit anna interessant fenomen er
luftspeilinga som er her. Fjella i bakgrunnen får merkelege
ufo-liknande former og bilar du ser i horisonten ser ut som
dei køyrer i lufta. Eit særs merkeleg syn! Vi køyrer i
timesvis over denne sjøen av salt. Stoppar her og der og tar
bilder før vi er over. Der kjem vi til ein liten landsby
(beståande av tre hus) kor vi skal bu for natta. Sola varmar
godt i kinna som er epleraude før ho går ned. Då kryp kulda
til overalt og sjølv i ull frå topp til tå og to ulltepper
over oss blir det lite søvn i det iskalde huset. Saltgolvet
er heller ikkje spesielt varmt.. Men tilslutt sovna vi. Utan
noko særleg elektrisitet blir det fort mørkt om kvelden.
Tidleg neste morgon er det i bilen igjen. Roger er utålmodig
for han har noko han vil vise oss. Vi køyrer forbi eit tog
fullasta med sølv som skal til Chile. Vi køyrer langs
toglinja ganske lenge, til toget er godt bak oss før Roger
stoppar og seier det er tid for å ta bilde. Vi skunder oss
ut og tuller rundt på toglinjene. Toget ser vi nærme seg i
det fjerne. Vi strekker på beina og småprater litt det vi
kan. Toget kjem nærmare og nærmare. Toget begynner å tute.
Men spesielt dei brasilianske jentene har hundre selfies dei
er nødt å ta.. Toget tuter att. Og akkurat når vi er på veg
ned frå togskinnene tar Roger kamera vårt og seier noko som
vi forstår er gruppebilde. Vi hopper opp att på togskinnene,
toget tuuuuuuuter, det er rimelig nærme og sjølvsagt ingen
tegn til å sakke ned. Verdifull last på veg. Roger verkar
som han har god tid. Og vi smiler og smiler, toget tuter og
tuter, tre meter før det køyrer rett inn i oss hopper,
tumler og detter vi av skinnene.. Konduktøren er heldigvis
like blid og vinker kjapt til oss før det lange toget med
sølv suser vidare..
Så køyrer vi inn i nasjonalparken. Roger fortel om dei
forskjellege ørkena vi køyrer igjenom og at det er fem
forskjellige vatn. Det eine heiter Verde, Rojo, Amarillo og
Azul. Dei er alle farga etter kjemikalene/mineralene du finn
i vatna. Foreksempel er eitt fult av svovel og lukter der
etter... Det raude er fullt av flamengoar! Heilt nydeleg.
Vatnet er så stille at dei speglar seg i detaljar. Ein glede
for fotografen! =) Den blå himmelen, mot dei svartgule
fjella, det raude vatnet og den kvite marka. Som ikkje er
frost men mineralet Bor.. Visstnok.. Oppkaldt etter ein
danske ved navn Niels Bohr fortel lærar-Geir..
Roger fortel om landskapet som heile tida skiftar. Det er
ørken på ørken, men det er kvit saltørken, gul sandørken,
grå steinørken, svart lavaørken, bor, og Steintre og Dalí-
ørkenen. Eine landskapet meir fasinert enn det andre.
Sjufarga fjell der sanden lagar fargespel. Og plutseleg,
mens vi køyrer midt i dette surrealistiske landskapet, kjem
det labbande ein Zorro. Ein fjellrev. Roger stoppar bilen og
reven stoppar opp og rett utanfor og studerer oss. Sniffer
litt. Sett seg ned og nesten poserar til kamera.. Han er
tjukk i vinterpelsen og ser vakker ut i landskapet. Heilt
stille. Han ser på oss og vi ser på den. Vel vitande at vi
er beæra av hans nærvær. Så reiser han seg galant og
småluntrer vidare. Ikkje lenge etterpå køyrer vi forbi maten
hans. Ei nydeleg gruppe Bikunja. Som er ein Lama-type, men
mindre, finare og pelsen er meir ettertrakta.
Dagane er korte når det einaste lyset du har er sola og den
går kjapt ned. Vi er komme fram til overnattingstaden. Ein
plutseleg sandstorm gjer det vanskeleg å sjå kor vi skal gå
inn att etter ein kort spasertur for å strekke på beina.
Sanden piskar i ansiktet og vinden går gjennom marg og bein.
Roger diskar opp med ei flaske vin vi kan varme oss med og
to små lokale gutar lagar underholdning og synger
kjarleiksviser medan mor og far lagar middag til oss. Maten
her er enkel. Litt kokte grønsaker og ris. Kanskje eit
kyllingbein for smak. Det er langt frå folk og ingen
butikkar å nett stikke innom. Forfrosne kjem kvelden kjapt
og vi prøver å halde varmen. Neste morgon må vi opp klokka
fem. Vi slit med å kle på oss sidan fingrane er så blå og
ikkje til hjelp. Vi kjem oss i bilen og skunder oss av
garde. Det er minst minus 20. Kanskje meir, meiner Roger. Vi
stoppar for å sjå den underjordiske vulkanen i soloppgong..
Geysirer popper opp og dei kan vi stå i for å få varmen. Om
du er sterk nok.. Dei skyt høgt opp i lufta... Det er kun
Asso og Geir som går ut av bilen.. Dei andre synes det er
for kaldt. Det er det og, men denne opplevelsen kjem ikkje
to gonger! Før sola står opp er vi allereie på stopp nr to.
Ein varmekilde. 40grader seier dei. Igjen er det kun oss to
ut av bilen. Vi bytter til bikini/shorts og fryser oss halvt
ihel der vi spring mot varmen. Og mens vi varmer oss der
kjem sola. Ein heilt magisk opplevelse! Så er det å kommme
seg opp, få skifta og komme oss i bilen utan å bli heilt
blå.. Ikkje så lett som ein skulle tru.. Før Geir har fått
av seg den våte badebuksa er den frossen til is.. Og i
redsel for å knekke den blir han sittande med den i handa
til langt ut på dagen..
Colombianarane skal vidare til
Chile, så vi set dei av på grensa før vi suser gjennom nok
eit nydeleg filmatisk landskap og ender opp i Uyuni. Der
prøver Asso seg på ein pollo plancha som visst nok er ein
mørbanka, flat kyllingfilet, ca 2mm tjukk, gjennomsvidd, med
ris og bønner. Geir tar det samme, berre med lama..