Vi blir ein del dagar i La Paz. Vi likar oss godt. Vi reiser
andre stadar som Uyuni og Rurrenabaque, men ender alltid
nokre dagar tilbake her. På ein av våre turar rundt i
nabolaget bestemmer Geir seg for at han har lyst på eit
slikt fargerikt teppe og vi kjem i snakk med denne gamle
sjarmerende dama!
Bolivia og La Paz er kjempebillig. Kvar morgon går vi ut i
gata for å ete frukost. Verdens beste mandarinjuice,
ferskpressa av vår lokale mann og ein empanada med kylling
blir tilsaman seks kroner. Fin pris for ein god frukost!
Når det gjeld mat i Bolivia (og seinare finn vi ut i alle
landa vi er i her) er at dei et unormale mengder med is.. Og
kaker. Dei har enormt mange kakebutikkar og kakestykkene er
nok til fem.. Ein av gateisen vi smaker er ein slags
kanelsorbet. Heilt fantastisk!
På rådhuset er det fest. Musikken spelar opp og vi får
17.mai følelse av dei marsjerande taktane. Kjempegøy å både
sjå og høyre. Plassen heiter Plaza Murillo og er ein kjent
stad. Klokketårnet (som du ser på bildet) viser klokka
speilvendt.. Vi fant aldri ut kvifor.. Kanskje fordi dei er
på andre sida av ekvator?? =)
Om kvelden er det ein særs viktig fotballkamp og folk her er
superengasjerte. Vi lurer på korleis dei ikkje kan være
diskvalifiserte i alle andre land.. Dette må jo verkeleg
være høgdetrening? Dei spring rundt som kaninar og vi er
andpusten berre vi går litt for fort opp trappa..