Øve fjella flyr vi før vi landar på eit høgt platå. Nærare
bestemt 4064moh i byen El Alto. Den var eingong ein liten fattig forstad til La Paz, men er no større og vokse inn i
La paz som sjølv har vokse opp fjellsida og klamrar seg
oppover. El Alto er ein eigen by, men blir og sett på som
den fattige delen av La Paz.
Vi er fortsatt i sommarhabitt og det er ikkje La Paz.
Heldigvis er Trygg enkle å be og vi går på ein rask liten
shoppingspree.. Noko som ikkje er heilt enkelt då det er ein
viss høgdeforskjell på Bolivianara og Nordmenn.. =) Men ei
varm jakke får vi til.. (24timar seinare kjem heldigvis
bagasjen til rette).
Vi kjenner godt til høgda frå vi sjanglar ut av flyet som to
bedrukne kråker. Spesielt legg vi merke til det når folk
godt opp i åra suser forbi oss.. Men det er mest ein følelse
av å være småberusa og heldigvis ikkje noko meir. Vi møter
seinare folk som både spyr med sterk hovepine og
sengeliggande grunna høgda. Vi har fått anbefalt å tygge
koka-blader. Det gjer vi. Til dei grader. I ca fem minutter.
Men smaken av gras er verre enn surringa frå høgda og så
hjelpi verka det ikkje å være.. Kanskje meir plasebo at ein
tenker på noko anna? Som den forferdelege smaken ein får i
munnen? Kven veit.. På veg ned frå flyplassen stoppar
drosjen for å vise oss den flotte utsikta. Han bablar på på
spansk og vi nikkar og svarar på norsk.. =) Vi får med oss
at ein bil er køyrt fast i ein sprekk i fjellvegen og den er
så vanskeleg å få tak i at sjåføren er der enda desverre.
Eller det som er igjen av han..
Bolivianare er eit vennleg folkeslag. Vi møter smil og
tålmodegheit alle vegar der vi prøver ved hjelp av få
spanske ord og mykje kroppsspråk (og sjarm) å gjer oss
forstått. Dei eldre damene på knappe 150cm med store
flagrande skjørt, svære, fargerike sjal og ein liten hatt på
toppen er så søte at Geir har lyst å løfte dei opp og ta dei
med seg i baggen. Men vi må desverre ta til takke med å slå
av ein prat i staden. Dei er veldig behjelpelege. Fyrste
kvelden når vi spør om ein god plass å ete middag er ikkje
guten i resepsjonen vanskeleg å be; "We have Burger King
over there, Pollo Copacabana there, its DELICIOUS (med vatn
i munnen) and Sillipan around the corner". Ah.. svarer vi og
smiler høflig.. Tre fast food kjeder.. =) Jaja.. Vi går for
den lokale anbefalinga og ender opp på Pollo Copa. Det blir
vår fyrste kylling, ris og pommes frites. Men LAAANGT
(desverre) frå den siste. Det er stort sett det dei et i
Bolivia, Peru, Ecuador, Colombia, Panama og Cuba.. Einaste
forskjellen er pommes fritesen som er bytta ut med bønner.
Ein annan morsom episode er fyrste dagen vi er ute i gatene
og ser litt etter informasjon. Ingen snakkar engelsk i
Bolivia og vår spanske er begrensa til Pollo og Hola.. Vi
går forbi eit reisebyrå som proklamerer med skiltet:"English
spoken!" Vi går inn med eit smil og Geir spør: So, you speak
english? Mannen bak skranken: No... Vi går litt slunkne ut
att..
Mens vi sit på ei trapp og lurer på kva vi no skal finne på
går det mange forbi og seier Hola og smiler. Eit ungt par
ser på oss med eit ettertenksomt og lurt smil. Etter å ha
gått forbi oss eit par meter snur han seg og seier med eit
stort smil: Hello Kitty!
Det får oss med ein gong i eit strålandes humør og ikkje
lenge etter har vi fått tak i ei dame som kan hjelpe oss.