One foot island

Ei anna utflukt er på One Foot Island, kor vi får stempla passet vårt, snorkla med gigantiske kamskjell, Asso blir bitt av ein kreps, vi besøker hytta til Aitutakis prinsesse (det finnast forresten ingen hunder på Aitutaki fordi ein laushund, for nokre år tilbake, beit dattera til høvdingen, altså prinsessa. Derfor forbaud høvdingen hunder.. Så seier historia iallefall.. På Rarotonga deriomt er det flust av laushunder.) og lærar om kvifor det heiter One Foot Island..


Historia om One Foot Island:
Før, for lenge sidan før den kvite mann kom til Cook, var det tre stammar som kjempa om makta på Aitutaki. Ein dag var far og sønn ute og fiska då dei såg ein fientleg kano. Faren skjønte at han ikkje ville rekke heim og padla for livet mot ei lita øy (seinare kalla One Foot Island). I den andre kanoen satt to krigara. Far og sønn kom seg fortast til øya, men faren visste at krigarane ville ikkje reise derifrå før begge var drept. Så faren fortalte guten sin at han måtte gå i fotspora til hans, slik at det kun var EIT sett med fotspor. Guten gjorde som faren sa, og når dei var komme eit stykke inn i jungelen på øya sa faren at guten måtte klatre opp i eit tre og gøyme seg. Faren fortsatte til andre sia av øya.
Krigarane kom fort bak dei. Men når dei gjekk i land såg dei berre eit sett med fotspor. Dei følgte det og tok kjapt at Faren. Guten satt i treet og vitna at dei drap faren. Men krigarane var sikker på dei hadde sett to i kanoen. Dei leitte rundt på øya, men fann ingen fotspor i sanden og gav tilslutt opp. Dei tok kanoen til guten og faren og reiste sin veg. Derfor heiter øya One Foot Island. Historia fortset med korleis guten klarte å få liket av faren heim, gjennom stygg sjø og farlege rev utan båt og tok tilslutt hevn. Men det får du reise til Aitutaki for å finne ut av.. =)

Ein romantisk avsluttning:
Siste kvelden slår vi på stortromma. Vi får ein 7-rettars brullaupsmeny på ei strand heilt aleine. Med eigen chef.. Her nyt vi maten, kvarandre, kjærleiken og ein heilt fantastisk solnedgong!
Aitutaki er eit ekte paradis som er vanskeleg å reise frå. Her vil vi gjerne tilbake!!! Men brullaupsreisa fortset. Og nye eventyr ventar på nytt kontinent.