Den nydelege lille øya/paradiset kjem snart til syne frå
flyet. Å sei øya blir feil. Aikutaki er eit atoll beståande
av fleire øyer som heng saman i eit rev med ein svær blå
lagune i midten.
Det lille flyet landar og vi blir møtt med Ei (eit smykke av
blomster, kalla Lei på Hawaii) og ein iskald kokosnøtt med
sugerør. Vi er kledd i Hawaiikjole og Hawaiiskjorte (Asso i
kjolen og Geir i skjorta) så vi passar RETT inn....... med
dei ansatte.. =)
Så blir vi køyrt på ei lita ferje til den lille sandøya vi
skal bu på. Sundet er så lite at du lett kan svømme øve om
du ikkje har bagasje.. MEN det har vi.. Den lille sandøya
består av (ja, du gjetta riktig) SAND, palmer med
kokosnøtter, hundrevis av eremittkreps.. og vel, det er vel
eigentleg det. Heilt fantastisk! Nokre av eremittkrepsane
har husnummer..., men det kjem vi tilbake til. Du kan gå
rundt øya på ca 10 minutter og du høyrer konstant bølger som
slår mot revet rett utanfor. Vår hytte har eit lite
tekjøkken, soverom/stove med skyvedører ut til vår balkong,
stort bad og privat dusj i det fri.. Balkongen vår har ei
trapp ned og inn i lagunen der det svømmer masse fisk rundt
brygga vår..
Øya kan ikkje forklarast anna enn paradis. Det er og det dei
seier her. Velkommen til paradis! Om du har sett nydelege
postkort med palmer som ligg over ein blå lagune med
krittkvite strender, vel verkelgheita her er MYKJE betre..
Her lever vi brullaupsdagar i fire dagar. Vi kayaker, et ein
ekstremt usunn frukost (dei har kun søte ting + kokoser),
svømmer, drikk bobler, får massasje på rommet, roomservice,
går turar og slapper av i hengekøya.