25. april: The Terminal

Frå tidleg morgon til seint på kvelden henger vi ut på Sydneys flyplass. Vi føler oss litt som Tom Hanks i "The Terminal" der vi prøver å gjer flyplassen som heime.. Få ting er gratis i Australia og spesielt her på flyplassen kor det kostar 9 dollar å komme frå innland til utlandsterminal og 4 dollar for ei tralle. Vi finn dei små hemmelege plassane utan folk, der vi søv eit par timar på golvet. Flyplassen begynner å vakne til liv og på eit tidspunkt når Asso går på do ser ho det... Ei tralle... Ikkje festa til veggen.. Heilt aleine utan eigara. Eit stille jubelskrik går i ho før ho kjapt spring opp rulletrappa til Geir og begge samlar i hope alt dei har i eit brøkdel av eit sekund. Og ikkje eit sekund for tidleg. Vi ser andre haier nærme seg vogna også.. Vi tester dei forskjellege kaffiplassane, et frukost eit par gangar og gjer morgonstelle på badet med den største ro, medan andre passasjerer skunder seg fram og tilbake. Nokre timar før avreise stenger dei heile flyplassen grunna storm.. Men vi slapper av i massasjestoler og krysser fingre. Alt går fint. Vi går på flyet til Rarotonga om kvelden og lander tidleg om morgonen samme dag... Vi har passert datolinja..