22. april: Yellow Water

I Kakadu overnatter vi i Cooinda. Geir får eit mystisk bit på magen og hovner opp. Men dei lokale veit råd og med litt godsnakk og desinfiserande salve går han med på at det kanskje ikkje var ein gedigen edderkopp, men ein av dei mange grønn/gule ekle maura som spring rundt her. Ikkje farleg, men veldig sårt..

Tidleg neste morgon, før sola har stått opp (som forresten står opp 1,5t seinare enn for to dagar sidan..) står vi opp og er klar for elvekrus. Vi ser svære krokodiller, både salt og ferskvatn krokodiller, masse forskjellig fugler og flott natur. Kapteinen vår er ein aborginer med mange historier. Han bur fortsatt med klanen sin i nasjonalparken. Han fortel mykje om dyra, men avslutter alltid med vatn i munnen om korleis dei er best tilberedt.. Han fortel og om når han var liten og blei sendt til Mangrove treet. På deira språk heiter det straffetreet. Når han og dei andre barna blei for voldsome og plaga mødrene for mykje ville dei alltid peike bort på eit tre og sei; sjå der for eit flott leiketre, gå og sjå om det finn noko skattar der. Barna ville leike i timesvis i treet og i dei neste to dagane ville dei halde seg heilt i ro grunna kløe frå treet. Når han sjølv var blitt pappa var det at mora fortalte hemelegheita. Etter elvekruset stikk vi på ein lengre tur å ser på helleristningar og gamle huler dei brukte. Vi lærer om årstidene deira og dei forskjellige klanene som budde her.