Neste dag køyrer vi mot Katherine og entrer Northen Territory. Livredde for å bli tatt i fruktkontroll (etter ein ubehageleg opplevelse første gang i australia) kaster vi ein lauk og ein avocado i fruktflågedistriket... Altså fullstendig mot hensikta deira.. Men ingen kontroll ved grensa og snart er vi i NT. Vegane er desidert eldre og smalare her enn i vest, men derimot er fartsgrensa økt med 20 km i timen til 130.. Vi har starta tidleg og har god tid når vi stopper på ein bensinstasjon. Der møter vi igjen fok vi campa med i Broome. Eit irsk/engelsk par, Danny og Georgie. Dei kan fortelle oss at vi må skru klokka fram 1,5t og dermed ryk forspranget vårt.. Det gode er at solnedgongen ikkje lenger er klokka 18.00, men 19.30.. Vi køyrer på, ein dingo krysser vegen, ellers skjer det særs lite før vi ankjem Kathrine. Danny har fortalt oss om eit bra og billig campingplass som vi skal møte dei på. Vi finn den ikkje, men eit billig alternativ utanfor byn fungerer fint. Kathrine er ikkje akkurat ein veldig sjarmerande by og på ingen måte stor. På denne campingplassen har alle telt kvar sin do!!! Storfornøgd parkerer vi og ser oss rundt i terrenget. Asso går inn på toalettet for å sjekke luksusen. Setet er dekka med sand.. Og det er spor av sand andre plasser og.. Jaja, tenker ho, er det camping så er det camping. Ho tar litt papir, tørker vekk sanden og holker ned. Doen vil ikkje holke ordentleg så ho held inn knappen ekstra lenge. Eit skrik kjem frå do og Geir kjem springande inn som ein ridder. Ein svær, grønn frosk klamrer seg fast i eit forsøk på å ikkje bli skylt ned. Geir og Asso blir stånde å sjå på han. Litt i vilrede. Begge er einig om at det er betre å tisse i natur full av frosk enn i ein do med ein, så Asso går bort til resepsjonen: So, maybe this is a cultural thing, but there is a frog in our toilet. Stillheit fra vår resepsjonist. Are we to split the rent threeways or can youu send someone to fix it? Resepsjonisten meinte at sånn var det berre og han kunne iallefall ikkje gjer noko med det.. Han hadde ikkje noko anna tilbod og av prinsipp av service og ingen smil tok vi pengane våre og campa ein annan plass..
Neste dag hiv vi oss rundt, besøker det lokale varmebadet og Edith falls før vi setter kursen rett mot Kakadu Nasjonalpark. Ein nasjonalpark eigd i eit samarbeid mellom stammene som bur der og rangere.