Første by etter Gibb er Kununurra (Det var rundt her
filmen "Australia" ble laga). Der oppdager vi at det er
søndag.. Alt er stengt.. Alt.. Vi bestemmer oss for å køyre
til Lake Argyle (fordi vi har hørt at dei har så fint
basseng...). Men først må vi fikse skiltet igjen. Det tålte
ikkje djupe elvekryssning utanfor EQ. Lake Argyle er fint,
men nok meir for eldre og familiar.. Men vi slapper av, sett
opp teltet og DER går ein dingo rett forbi oss... Vi møter
han igjen seinare på kvelden når vi er på pubben..
Australienere er visst ikkje så glade for dei heller og litt
redd der dei jager den forsiktig vekk.. Nok ein plass med
trubadur, men færre cowboyhatter.. Baren stenger klokka 21
og alle stikk. Det er fortsatt søndag og ikkje lov å drikke
utanfor baren.. Vi set oss på ein benk og speler ukulele,
synger og tar oss allikevel ein kald ein.
Lake Argyle er forresten australias største falske innsjø.
Og sjølv om dei fortel stolt om den kan vi ikkje heilt riste
fra oss tapet for dei som faktisk budde der når dei bestemte
seg for å flomme dalen.. Vi ser bilder av ei stakkars geit
som står som ein kaptein på ei synkande skute og skuer, mens
vatnet stig rundt han.. Mange hus og mange gravplasser og
ikkje minst viktige stader for aborginerane ligg no under
vatn. Vi veit og at store dyreflokker gjekk tapt. Men dei
hadde vel ein ide..