Vi fortsetter mot dagens mål. El Questro. Ein kan tydeleg sjå tegn etter det voldsomme regnet og det går ikkje lang tid før dei første elvekryssningane våre ser ut som små
bekker. Dei vi må passere no er meir som små innsjøer. Med
krokodiller.. Geir må fleire ganger ut å vasse, usikker på
om vår lille bil i det heile tatt vil klare elvane. Men med
litt hell og hjerte i halsen og klampen i bånn suser vi
gjennom med vatn over panseret. Eit par plasser er det på
hengande håret og vi føler bilen flyter litt... Lettelsen er
stor og jubelbrølet høgt for kvar større krysning vi klarer.
Rett før EQ er ein ekstrem djup ein. Vi veit at det er
spotta to svære saltvatnkrokodiller her i nærheita.
Skepsisen er stor og det er ikkje snakk om å vasse uti her
for å sjekke. Så nære, men allikavel.. Heldigvis kjem det
ein annan bil forbi. Dog ikkje heilt samme som oss. Denne er
laga for nettopp dette. Men med litt eventyr i magen og
heiarop frå den store bilen setter vår lille bybil i gang og
vi halveis køyrer, halvegs flyter oss igjennom. Stolt
parkerer vi bilen foran ein buss med unge turister. Dei ser
skrekkslagne på oss og vi tenker oj, no har vi køyrt over
ein hund eller noko.. Med sterk tysk aksent forklarer dei
noko. Vi går forsiktig foran panseret for å sjå. Så begynner
vi begge å le. Skiltet vårt er krølla oppover panseret...
Heldigvis har dei verksted på plassen og dei synes det er
like morsomt som oss og flater ut skiltet gratis. She'll be
alright!
Her er det masse cowboyer og om kvelden er det storgrilling,
livemusikk og dans. Det blir ein morsom og sein kveld. Mykje
cowboyhatter og boots.. =)
Neste dag tar vi tekstremt liten ein, med forhistoriske
trær. Og rett inni der er det naturlege varmeskilder som vi
koser oss i før vi hiver oss i bilen for siste bit av Gibb.
=)