18. april: Mouth Elisabeth Station

Vi får laga oss ein deilig middag (maiskolber og boksesuppe), sett på ein merkeleg skue av okser og wallaroos kengeruer før vi kryp opp i huset vårt. Ca to sekunder etter er vi midt i ein tropisk storm. Det høljer, og vi snakker høljer med store bokstaver og masse utropstegn!!!!! Det lyner og tordner og eigentleg er det superkoseleg å ligge å lytte. Det er tydeleg at det var dette vi såg i windjana. Etter at det har lagt seg er det noko anna som held oss vaken. Ein flokk med dingoer uler mot månen ikkje så langt fra oss. Det er heilt mørkt så vi ser dei ikkje mellom trena, men høyrer dei meget godt!! Så faller både vi, dingoer og regn til ro for natta.

Neste dag er vi vannfaste nokre timar etter regnet. Det er farleg å køyre på sandvegar no og vi må pent vente til regnet har satt seg. Vi starter dagen med ein deilig campingfrukost. Pannekaker stekt på gass med banan, eple og kanel. Vi går ein tur i skogen, ser på elver, wallarooer, fugler, vasser litt og lar humla suse. Vi snakker litt med bondekona som har ein liten gutt på berre veker på armen om vær og vind og ho fortel også at dette er ein liten gard med berre 6000 kyr.. Etter nokre timar i steik sol er både teltet tørt og vegen nokolunde klar. Klar nok til at vi tar sjansen. Vi må køyre sakte nedover. Både grunna kyrene som nekter å flytte seg, men og grunna huller i vegen etter vatnet. Nokon stadar sklir bilen bortover likevel.