Vi ankjem Mt Barnett. Om nokre timar er sola nede. Vi kjøper oss litt mat og spør om å få sette opp teltet. Dama bak skranken rister på hove. Men ho trur Mt Elisabeth er open i dag. Vent litt. Seier ho litt stille. Vi venter. Ho tar seg av nokre andre kunder og speider innover i butikken. Ein ranger går rundt der inne. I sekunde han går ut vinker ho oss bort og lener seg over skranken. Ho kviskrer kjapt om ein sideveg ikkje langt herfrå. Om vi berre køyrer eit stykke opp der er det ingen som vil sjå oss. Rangeren kjem inn igjen og ho stilner kjapt. Vi går ut. Litt i villrede. Også fordi det no ligg ein sta liten hund under bilen vår og kviler. Vil ikkje flytte seg. Det gjer oss litt tid til å tenke. Vi hadde ikkje heilt fått med oss navnet på sidevegen. Og er det ein plass vi ikkje vil køyre oss vill så er det på ein liten veg i den store skogen. Mt Elisabeth er kanskje open. Vi kan nå det akkurat i det sola går ned. Hunden er einig med oss og flytter seg endeleg. Vi køyrer mot Mt. Elisatbeht station. Når vi kjem til avkjørselen står det tydeleg stengt, men vi har ikkje lenger noko valg. 30 km med sandveg her tar lang tid å køyre. Vegen snirklar seg oppover og innover. Forbi aborginerlandsbyer og mengder med kyr. Vi møter våre første små elvekrysninger og synes det er stas. Dei er ikkje så store som vi trudde dei ville være. Ellers er det tydeleg ein kvegveg vi er på. Dei er overalt. Det må være tusenvis av dei. Innimellom trea. Etter nokre timar opnar skogen seg. Vi ser kvite gjerder og mange kengeruer innimellom kyrene. Langt der borte augner vi eit hus. Vi køyrer bort og parkerer ved hageporten. Ein hund slumrer ved døra, vi høyrer stemmer der inne, men ingen indikasjon på at dei lar oss campe rundt her. Tilslutt kjem ei jente ut og ber oss komme inn. Vi kan telte i skogen eit stykke bak huset.