16-17. april: Windjana Gorge

Akkurat når sola sender sine siste stråler for dagen ut, hiv Geir og Asso seg ut av bilen, slenger opp teltet og hiver på gassovnen. Tre sekunder etterpå er det heilt mørkt og ein sverm av mygg er over oss, der vi febrilsk koker grønnsakssuppe. Klokka 18:00 gjer vi opp. Myggen vinner og vi kryp slukøra inn i teltet. Så kva gjer ein i stummande mørke, midt i ein svær park, omringa av slanger, kengeru og ein skokk sultne mygg? Hmmmm...midt skip er lasta med...? Vi har alt sagt til skogvokteren at vi blir her i to dager. Dei neste timane går vi gjennom mitt skip fra A til O. Mens vi prøver å ikkje bevege oss så vi ikkje drukner i svette. Og i redsel for at myggen skal finne det eine holet i teltet. Ut teltgluggen ser vi blinking i det fjerne. Lyn og tordenstormer. Dei kjem ofte og lyser opp himmelen. Vi høyrer tordene svakt i det fjerne. Så sovner vi..

Neste dag vekker sola oss rimeleg tidleg. Vi venter til myggen har lagt seg før vi kryper ut og ned stigen. Det er ein ekstrem varme og vi bestemer oss for å gå innover Windjana Gorge. I skuggen av tre og med det kjølege, rolege elva ved sia av. Den kjølege, rolege elva er og der ferskvatnkrokodillene henger ut. Og det verkar litt ulogisk å skulle gå rett inn i eit krokodilleinfesta trangt område. Men dei lokale meiner dei ikkje er farleg (sjølv om vi går forbi tre skilt med advarsel, eit med bilder av ei jente med ekstreme sår på føttene og andre skilt som seier at vi må la krokodillene være i fred... spesielt dei over 4 meter.. Som om vi hadde tenkt noko anna..). Litt smånervøse går vi inn. Vi må gjennom ein trang sprekk i fjellet for å komme inn til gorgen. Landskapet innanfor er ganske stilig. Heile dette området har eingang vore under havet og vi ser fosiler av blekksprut og anna opp langs dei høge klippene som ruger over oss (Frå Devontida, vil Geir gjerne at det skal stå). Skogen blir trangare og trangare, trengt mellom fjell og elv. Gresshopper på fem centimeter hopper og flyr rundt oss og lager lyder som lett kan misforståast som ei svolten krokodille. Stien er vanskeleg å sjå og vi blir tvungen ned til elvebreidden fleire gonger. Der ligg dei. Ingen over tre meter, men alikevel. I flokk ligg dei og følger med oss. På Elvebankane ser vi spor kor dei har gått og etter ca ein time innover krokodilleriket kan vi ikkje lenger finne antydning til sti vidare. Det er ingen skam og snu, tenker vi og kjem oss ekstremt kjapt tilbake, ut gjennom sprekken, vekk frå krokodiller og ut til dei opne slettene.