16. april: Derby til Windjana

På veg til Derby køyrer vi forbi ein del historiske plassar. Det er mykje tragisk som har hendt her oppe, men her i Kimberly er og ein av få plassar vi får følelsen av at det er noko positivt og. Som ein stolt australiener fortalte oss på campingen i Broome; Historiene fortel aldri om aborginara som kjempa hardt tilbake. Det gjor dei. Det var store slag mellom aborginere og kvite. Og spesielt i området vi skal inn i er det mykje slik historie. Om stolte aborginara og vennskap på tvers. Vi skal ikkje gå inn på alt dette her på sida, men kan fortelle kort om Boab treet. Boabtreet dør aldri. Det veks og opp ned (i følge aborginisk mytologi) så det vi ser er røttene. (Det ser sånn ut og. Ser ut som ei svær ingefærrot..) Det har sterke ånder i seg og er freda. Til og med i australsk lov!! Om du skader eit boabtre har treet (ved australsk lov) rett til å utøve den straff treet føler er rettferdig. Så sterk er dette treet i aborginsk mytologi og religion at dei fekk medhald i retten til å behalde denne lova. Boabtreet lever i over tusen år, trur dei. Ingen veit. Det suger til seg så mykje fuktighet at det overlever skogbranner, og gøymer du deg inni det vil du og overleve. Det er umulig å telle årringer, det rotner nemleg tilslutt innanfra og på veldig kort til forsvinn all spor av at det nokon sinne har vore der. Fengselsboaben vi besøkte blei brukt av aborginere som fengsel først. Så blei det brukt som skjuleplass under krigen med dei kvite og tilslutt brukte dei kvite det som fengsel og kvileplass for aborginske fangar/slavar.

Etter ein liten historisk pause på vegen er vi framme i Derby. Her virker det som aborginarane har det betre. Dei jobber i serviceyrka og vi ser ingen alkoholiserte i parkane. Jenta i turistinfoen kan stolt fortelle at dette området var ein av dei første stadane (altså Kimberleys) som blei gjett tilbake til folket. Derfor må ein også spørre om løyve før ein går nokon som helst plass då det blir sett på som privat eigedom. Sjølv om mykje ser ut som utmark for oss.. Ho kan og blidt fortelle at, joda, alt er stengt på Gibb, men ein kan jo reise til Windjana, overnatte der og så ta sjansen vidare. She'll be alright! Så med det utsagne velger vi å stole på dei lokale og sette nasa mot Windjana.

Gibb river road er ein gamal kvegveg som fortsatt er i bruk til dette formålet. Derfor køyrer vi forbi utallige kyr. Det er og ein kjerreveg og hovedvegen går lenger sør. Gibb river road er berre litt over 600km lang, men mykje av vegen er i så dårleg fatning at ein kan køyre maks 30km i timen.
Men første strekka er veldig fin og Gibb viser seg frå si beste side. Vi køyrer forbi kyr, kengeruer, svære ørner, øgler, galah, svarte kakaduer. Dei første to timane på vegen ser vi fleire dyr enn heile vest australia til saman. Men vi MÅ nå Windjana før solnedgong, og her går sola ned klokka 17.30. For det finnast ikkje lys og når mørket er her kjem alle dyra ut på vegen.