Siste dag i Broome benytter vi høve til å sjå dei 120 million gamle dinosaurspora som du finn her. Det er visst nokon av dei viktigaste spora i verda. Mykje forskjellige spor, men nokon kan du kun sjå i ekstrem fjære. Forskjellen mellom flo og fjære her er opp til 10 meter.. Vi stikk og ein liten tur innom Townbeach som er ei lita strand ved sentrum. Det er også her du kan sjå trappene til månen, men vi var desverre på feil dagar. Som du ser er det flo og trena er under vatn. Nesten.. =) Rett før avgang til neste kapitell av vårt eventyr; nemleg Gibb River Road and the outback stikk vi innom turistinfoen for tips.
Tips 1: Oh, everything is closed on the Gibb River Road. You will have to do the highwway...
Beskjeden om at ein av dei store eventyra våre går ned i krokodillegapet før vi eingong er starta er, for å sei det mildt, skuffande!! Vi er litt villråde. Men det er jo vikingblod i oss, og er ikkje vikinga ekte eventyrara? Vi pakkar bil, og mot alle tips køyrer vi mot Derby...