13-16. april: Broome

Vi ankjem Broome ganske seint, men
som du ser er vi VELDIG glad for å være her. Folk er kjempehyggelege og det virker som ein koseleg plass. Her ser du og Rapunsel oppe i teltet og jobber på heimesida.. =)

Campinglivet er ganske greit. Vi bestemmer oss for at etter å ha hatt eit par harde køyredager med mange timer i bil tar vi oss ein pause i Broome. Vi blir her nokre dager. Campingplassen ligg rett ved stranda Cable beach. Den har fått navnet fordi det var her dei trakk den aller første telegrafkabelen under vatn til Java, Indonesia i 1889.

Dagane går med til å svømme først i havet så i campingplassen sit eige nydelege basseng. Desverre så er det stingeralarm (farleg manet) på stranda. Så vi slapper ikkje heilt av der vi svøm og ser etter Irukandji. Ein manet som ikkje blir større enn tommelnegla, men har lange tråder og kan være dødeleg. Det er ei heil veke sia sist nokon blei angrepe så vi tar vår sjanse.. =)
Vi er her midt mellom to årstider. Dry season og wet season. Dvs at desverre så er det akkurat no ingen bra surfebølger. Men som surfeutleigeren seier: We are hoping for a small cyclone, anytime. The surf will be awesome! Sjølv om vi godt kunne tenke oss å surfe håper vi ikkje like masse på syklon.. Men men, folk er forskjellig.. =)

Broome er ein liten by, men ein av dei største på vestkysten. Den blei grunnlagt rundt perleindustrien. Aborginarane hadde plukka perleskjell her i evig tid før det blei industri. I starten brukte dei kun innsida av skjell til å lage knappar og derfor seier ein at Broome blei bygd på knappar. Men perleindustrien blei fort stor og 3000 mennesker var ansatt. Mangen kinesere og derfor har Broome chinatown som er einaste sentrum. Før var sentrum dekka med støvete veger, kinarestauranter, salooner og perleindustri. No er det mest butikker og turistting. Dei har ein supergod milkshakebutikk med ei gamal dame som sikkert har vore her frå starten av.. Dei har og eit naturfenomen som heiter stairways to the moon som skjer når det er fullmåne og ekstrem fjære. Da skinn månen og den ligg så lavt at det ser ut som ei trapp på vatn. Dei har og mykje kameler som du støter på på stranda eller på veg til stranda. Dei har og desverre ein stor park i sentrum som etter fem er full av fulle aborginere. Aborginerane blei brukt som perledykkere inntil vestlege fann ut at japaneserane var flinkare. Du finn ikkje mange aborginare i arbeid verker det som. Eit trist syn.

Ein av dei aller gøyaste tinga vi fekk gjort i Broome var å gå på kino. Det verkar kanskje kvardagsleg for nokon, men her er den store forskjellen... Kinoen har kun ein sal. Den har vore i operasjon i over 90 år og har beholdt mykje av utsjåande. Det gøye er at den er ute. Og for å få ein enda større filmopplevelse har dei eit par ting andre kinoar berre kan drøyme om.. Her er vår kino-oppleving: Vi finn oss til rette i kvar vår solstol med popcorn. Klar for Liam Neeson, Run all night (ein av dei beste Liam Neeson filmane vi har sett på lenge!). Sola har gått ned og stjernene skinn som diamanter øve oss og lerretet. Rundt oss er det no bekmørkt. På det kvite lerretet går det to geckoer roleg rundt og aner fred og ingen fare. Plutseleg befinn dei seg midt i ein actionfull Liam Neeson film. Dei prøver å springe vekk, men liker filmen litt allikevel. Dei blir der, nysgjerrige, inntil ein eller anna skummel scene kjem litt plutseleg på og den eine ramler ned. Den andre veit vi ikkje lenger.. Vi sit framoverlendt og godt inne i filmen da plutseleg eit sint skrik kvepper Asso. Rett ved sida av sitt ein hissig fugl og er overhode ikkje i filmmodus! Asso trekker føttene opp på stolen så den ikkje skal gå til angrep. Den skriker eit par ganger til i løpet av filmen. MEst når det går dårleg med herr Neeson. Filmen har oss stitrande på stolen. Gecko og hissig fugl gløymt. Plutseleg kjem eit buldrande brak. Er det i filmen? Er det torden? Nei, det er eit svært passasjerfly som nesten snissar filmlerretet før det går inn for landing rett bak kinoen... Broome har nemleg flyplassen midt i sentrum.. =) Vi ler og opplevinga er vannvittig!! Sommerfugla eller kanskje jumbojetter i magen! Sinnsjukt!