Exmouth

Etter eit lite stopp i Perth lander vi på Militærflyplassen i Exmouth. Ut flyet blir vi slått med ein varme som er heilt ok (35grader) hadde det ikkje vore for den 98% (ikkje overdreve eingang) luftfuktighet. Eit steg og du er søkkvåt.. To steg og du ser ut som eit flågeklister.. Det bur ca 1 billion flåger her. Til ei kvar tid prøver dei hardt å presse seg inn i munnen. Dei står på leppene dine til du opner. Jager du vekk ei, kjem det ti. Asso prøver i starten å vifte dei vekk. Så prøver ho å snakke med dei. Så prøver ho å forhandle med dei. Så i rein desperasjon hyler ho og skriker til dei, men ingenting hjelp. Her er det berre å svelge dei ned. Folka her er veldig hyggelege til gjengjeld! Men for å komme rundt i Exmouth må du ha bil. Det har vi ikkje enda og derfor tusler vi berre litt rundt første dagen. Exmouth er eit bittelite stad som først og framst har fungert som amerikansk marinebase. Til og med navnet er amerikansk. Strendene er flotte og det er ville emuer her. Utanom å nyte strendene, heten og flågene er det ikkje så veldig mykje å finne på akkurat her. MEN grunnen til at vi er her er jo for det er her kvalhaien er fra april og til ein gang ut på vinteren (sommeren i Norge).

Neste dag blir vi henta tidleg. Køyrt til dykkebåten og så er det ut til sjøs i Ningaloo Reef. Der skal vi snorkle med verdens største fisk. Etter ein halvtimes køyring med skildpadder og flygefisk rett ved båten, får vi beskjed fra flyet (som tilhøyrer båten) at han har sett dagens første kvalhai. Vi skunder oss til staden og uhyre spente hopper vi i det indiske hav.
Første gongen blir vi bedt om å halde saman på linje og la kvalhaine svømme langs oss. Vi er ca 10, stiller oss på rekke under vatn og ser mot der guiden peiker. Blått hav. Vi venter. Og ser. Spente. Stille. Plutseleg kjem eit digert gap på ca 1m breidde til syne. Bak den kjem resten av haien.. Ein svær ungdom på ÅTTE meter. Han svømmer sakte forbi oss. Med sommarfuglar i magen prøver vi å holde ein viss avstand. Dei er ikkje farleg. Men halen er svær og kan skade om ein kjem for nærme. Dette er ein kjempe. Ein kjempe som LAR oss svømme ved hans side. Når han er lei svinser han to ganger med halen og plutseleg er han ute av synet. Han liker ikkje å ha folk under seg og er ikkje vant med at noko eller nokon går i vegen. Regelen er å halde seg unna munnen. Han må ha fri bane. Dette er kongen. Sjølv om haien svømmer sakte for vår skuld er han rask. Og for at vi skal få mest mogleg tid med han svømmer vi ei stund med han før vi blir tatt opp i båten, køyrt litt foran og hopper ut til han igjen. Eller, det var planen. Som sagt. Regel nr 1. Ikkje kom i vegen for den... Vi får beskjed at når vi ser den komme mot oss, velger ein KJAPT ei side og kjem seg vekk frå munnen/retningen. Vel, ikkje alle kunne svømme!!! Men allikavel meldt seg på.. To vimser blir ståande rett foran denne 8 meter svære, snille, kjempen. Og i vill panikk når den kjem nærmare (kvalhaier svømmer ikkje rundt noko. Du flytter deg. Ikkje den...) så sparker den eine av desse kvalhaien rett på snuten. Kvalhaien blir sjølvsagt irritert og dukker rett ned, for aldri å bli sett igjen. Kvalhaier kan dukke MINST 2000meter ned i havet!!!! Dei unnskylder seg, men som guiden med eit tappert smil prøver å sei; please, get out of its way, thats the BIGGEST SHARK I'VE SEEN HERE!!

Heldigvis tok det ikkje lang tid før flyet spotta ein ny på 7 meter som vi svømte lenge med. Det er ei stor ære og vi har ærefrykt og litt noja der denne store kjempen svømmer med open gap. Den kjem ut av det blå og forsvinn inn i det igjen når den er lei. Men vi får svømme ganske lenge med han. Siste kvalhai vi støter på er ein liten krabat på heile fem meter. Den er fortsatt ung og leiken. Vi får beskjed å holde oss til gruppa. Men den lille vil leike. Den svømmer etter oss i ring og vi prøver desperat å komme unna dens veg. Men det er jo oss han vil leike med.. =) Plutseleg er Asso 10 meter vekke frå resten av gruppa. Guiden roper til ho at ho må svømme bort til dei. Men det er lettare sagt enn gjort. Den lille kvalhaien synes nemleg at det er storarta å leike med Asso. Den svømmer rett foran ho når ho prøver å komme bort til gruppa og Asso og kvalhaien svømmer i ring, Asso for livet og kvalhaien nærmast leande etter. Asso ler og. Noko som før til mykje harking og nesten drukning. Men tilslutt blir den lei og Asso når igjen gruppa. Ein stor og fin opplevelse! Ein av dei absolutt største!

Litt fakta tilslutt: Ein kvalhai kan bli heile 18 meter, ha ein munnbreidde på 1,5meter og bli opp til 70 år gammel. Dette er ikkje ein liten kar. Den leiker og eter i overflata, men kan plutseleg dukke til 2000meter, eller meir. Forskere veit rett og slett ikkje. Det er det lengste dei har klart å måle. Dei veit rett og slett veldig lite om denne karen. Dei to fiendane den har er mennesker og spekkhogger. Det er sjeldent at ein spekkhogger tar dei og kun dei minste, men det skjer. Menneske har ikkje lov å fiske den. Den er freda, men desverre hender det at dei fisker den for å få tak i fiskane som "bur" rundt den. Fiskarane later som dei "tilfeldigvis" får den i nettet og rapporter at dei slepper den ut i live. Men ein 18 meter fisk er ikkje liten. Den døyr av si eiga vekt på land. Kollapser. Dette var ein dyr opplevelse å få være med på, men det gode er at pengane blir brukt til forskning for at vi skal ha denne vennlege kjempen i framtida og.

Dagen etter henter vi bil. I kjent stil setter Geir seg inn og finn ikkje rattet, men det tar ikkje lang tid før han køyrer som ein prest på venstre side. Roadtrip Exmouth - Darwin er i gong!! Og vi gler oss!!