CAMPING!
Peter: "Are you ok driving on the left side of the road?"
Geir: "Sure!", seier han mens han set seg inn i bilen. Rattet mangler...
Vi suser nedover Great ocean road. Nok ein tur ned minnene og vi ser plasser vi var på tur med Torunn og Julenissen og stader vi surfa med Ingvill og Noor Haavard. Vi stopper til og med i Lorne der 1 1/2år gamle Noor Haavard serverte oss luft kaffi latte... Ikkje langt unna Lorne ligg vårt første stopp. Wye River. Ein fin, stor campingplass ved stranda. Fullt av kookaburra, koalaer, kakkaduer, possum og to geit. Nydeleg fint! Nettene er ISkalde og det er tydeleg at det går mot vinter. I gruppa vår er det visst berre ein tøff kar som tør å hoppe i isbadet. Ein viking frå Bergen. Vi treng ikkje nevne navn. Han blir så høg på pæra.. =) Calan koser seg på hoppemadrassa saman med aunty Asso og uncle Geir. Til tider usikkert kven som koser seg mest.. (Geir, UTEN TVIL!!) Vi koser oss her eit par dager før vi drar til neste stopp.
Halls Gap. Eller som Calan kaller det Dragon mountain.. Det ligg innanlands i fjella, litt nord i Victoria. Dagen vi kjem er det nydeleg fint vær. Til dels varmt til og med! Vi setter opp telt og partytelt, setter fram god stolane og gjer klar til kveld og kos akkurat når vaktmesteren kjem bort og seier vi bør ta ned partyteltet fordi det kjem storm. Og han vil ikkje ha teltet i hagen sin i morgon tidleg. Problemet med å komme med sånne tips ut av det blå til to vikinger og to skotter er at staheita som har gjort at vi har overlevd på kvar vår forblåste holme kjem sterkt opp i oss alle fire. Partyteltet blir ståande. Stormen kjem. Peter står klar med tau og gaffa og Asso setter stolen sin opp på hjørnepluggen der det blæs mest. Stormen løfter ut pluggen på det andre hjørnet og vi slår den ned igjen. Ein merkeleg lyd kjem med stormen. Thump thump thuMP thUMP THUMP! Det er bekmørkt rundt oss. I partyteltet har vi kun ei lita lampe som kastar lange skuggar og lite lys. Vi myser ut i stormen. Ein skugge. Ein SVÆR skugge. Ein ca to meter høg skugge.. Ein svær kenguru kjem tilsynet mellom oss og do.. Det blir ein utfordrande natt. MEN det positive er at det er ingen mygg! Før vi går til sengs for kvelden ( og vi har sjekka at vaktmesteren har gått til ro) tar vi ned partyteltet. Og godt er det! Geir og Asso kryp inn i det lille teltet. Vinden uler og stormen nærmast trykker teltet ned over ansikta våre. Opp til fleire ganger er vi sikker på at teltet, med oss i, vil blåse og kanskje VI våkner opp i hagen til vaktmestern.. Men det går bra. Tidlig morgon har vinden løja såpass masse at ein kookaburra har satt seg på teltet for å gjer sitt fornøgne..
Sola er varmare i dag og vi går på utforskning i Creeker og kroker i Dragon Mountain. Calan finn ein liten dragebabyjente som han kaller Sofie. Lurer på kven DEN er oppkalt etter.. =)
På vegen heim drar vi innom ein familiedyrehage som er veldig koseleg og vi får høyre Dingoer ule for første gang på denne turen. =) Dei siste dagane i Melbourne er vi rundt og ser gamle stader og det føles like tungt å forlate Melbourne denne gangen også.